OVE ARNE OLDERKJÆR

Aker Yards vil ikkje opplyse om prosjektresultatet for Fjord1 sine fem gassferjer, som hadde ei ramme på 1,2 milliardar kroner. Men med dagbøter for forseinka leveranse og utstrekt bruk av overtid for å få båtane ferdige, er det etter alt å dømma lite overskot å henta for det Kjell Inge Røkke-eigde verftskonsernet.

– Det har vore eit tungt prosjekt med mykje nytt å læra, seier administrerande direktør Roy Reite i Aker Yards Brattvaag, som har levert dei fem fartøya.

– Eit innovasjonsprosjekt bygt under krevjande forhold. Vi hadde forseinka skroglevering frå Romania og nokre forseinkingar frå underleverandørar som har påverka resultatet i prosjektet, seier informasjonsdirektør Tore Langballe i Aker Yards ASA.

Tre månader sein

Den femte og siste gassferja, MF Mastrafjord blei overlevert sist veke og blir sett inn i drift i Bokn-sambandet rundt 23. mars, nesten tre månader etter planen. Først då kjem også den tredje ferja i drift på eit Halhjem-Sandvikvåg-samband som har hatt store ruteforseinkingar den siste tida.

Fjord1 skulle etter avtalen ha fått overlevert den første gassferja 15. august i fjor. Men først og fremst på grunn av flaum og frost ved Akers skrogverft i Romania kunne overleveringa skje først 10. november.

Med dei store forseinkingane frå Aker Yards kunne Fjord1 ikkje innfri avtalen med Vegdirektoratet om gassferjedrift over Boknafjorden og Bjørnefjorden frå 1. januar. I påvente av dei nye fartøya har Fjord1 måtta leiga inn materiell frå Tide og Stavangerske.

Innertiar

– I forhold til kontrakten og vårt totalbudsjett for ferjene har dette vore bortimot ein innertiar, seier konsernsjef Olav Smørdal i Fjord1.

Etter overleveringa av siste ferja sist veke har Fjord1 og Aker Yards gjort opp sitt mellomverande.

Smørdal stadfestar at Aker har betalt dagbøter i samsvar med kontrakten, men vil ikkje kommentera summar.

– Aker har gjort ein prima jobb, seier han.

Fjord1 vann tilbodet om drift av sambanda Halhjem— Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika i ti år for 154 millionar kroner. Etter kort tid blei det plussa på med 107 millionar kroner på grunn av nye tryggingskrav for gassferjene. Dei to ferjesambanda transporterer årleg kring 2,5 millionar bilar. Trafikkauken har i den korte tida Fjord1 har drive auka meir enn reiarlaget hadde rekna med, ifølgje konsernsjef Olav Smørdal.

FØRST: MF Bergensfjord var den første av dei sterkt forseinka gassferjene levert frå Aker Yards.