— Det som uroar meg mest i denne prosessen er at Stortinget og regjeringa ikkje tek ansvar og sikrar industrien framtidsretta kraftvilkår. Men Hydro har óg eit ansvar her, med konsesjon for to gasskraftverk, seir Solveig A. Frøynes, leiar i Alnor kjemiske fagforening på Karmøy til Bergens Tidende.

Fredag var turen komen til Hydro Aluminium Karmøy for Hydro Aluminium sin sektordirektør Truls Gautesen på rundreisa til aluminiumverka på Vestlandet for å orientera om følgjene av den føreståande utfasinga av gamle Søderberg-omnar på verka.

Karmøy-fabrikken har 1700 tilsette, 460 av dei vil mista jobben dersom Søderberg-anlegget med ein produksjon på 120.000 årstonn blir stengt utan å kompensera med nyinvesteringar. Kommunen vil tapa 420 arbeidsplassar i tillegg dersom Hydro ikkje moderniserer, viser analysane.

Det er Hydros avventande haldning til modernisering som gjer tilsette og lokalsamfunn i Høyanger, Årdal og på Karmøy uroa over framtida med utsikter til tap av eit par tusen arbeidsplassar.

— Det er iallfall to forhold som må på plass for at vi skal satsa vidare i Noreg. Industrien må få tilgong på meir energi, og industrien må ikkje få nye særnorske miljøavgifter, sa direktør Truls Gautesen til pressa etter å ha orientert dei Karmøy-tilsette fredag.

Karmøy-bedrifta er i utgangspunktet heldigare stilt enn Årdal og Høyanger i prosessen som er i gong. Søderberg-anlegget kan her haldast i drift heilt fram til 2009, tomteforholda er gode, og nærleiken til den europeiske marknaden er tettare, påpeikar Karmøy-ordførar Kjell Arvid Svendsen.

— Vi tilsette skal gjera vårt for å betra lønsemnda i verksemdene. Vi har erfaring i å ta utfordringar og snu trendar, og meiner at aluminiumproduksjonen har livets rett både i Årdal, Høyanger og på Karmøy, seier Solveig A. Frøynes.