I dag var det prøvekjøring på Hardangerfjorden. Lars Djupevåg i Norheimsund leverer det italienske råskinnet av ein båt som presterer over 60 knop. Men ikkje spør om toppfarten. Den vil politiet ha for seg sjøl.

Politifolka som skal bruka båten skal ha spesialopplæring.

– Den italienske båtkonstuktøren Fabio Buzzi er godt nøgd med å selja båt til båtbyggarnasjonen Norge, fortel Sven Johanessen, som er ansvarleg for båtvalet i Hordaland Politikammer.

Måtte tørke blod

Ein representant frå Hordaland Politikammer fekk eit kutt over auget då manøvreringa vart demonstrert i dag. Patruljebåten klarar ein 90-graders sving mens dei to motorane sparkar ifrå med kvar sine 600 hestekrefter. Men då må ein altså halda seg fast.

Verkstadformann Magnus Lohman måtte tørka blod frå auga og reparera brillene litt etter å ha gått veggimellom.

– Det skulle vore tryggingssele, sa han med eit skeivt smil. Skaden var heldigvis liten.

Prislapp: 7 millionar

Norge er gode på «rescue»-båtar. Men no var det patruljebåt ein ville ha, og derfor falt valet på monsteret som vart demonstrert i dag. 7 millionar kostar farkosten.

– Dette er ein båt som er mykje brukt av militære over heile verda, seier Johanessen. Men det er første gong i Nord-Europa ein politistyrke får ein slik patruljebåt.

– Fritidsbåtane går fortare og fortare. Derfor må også politiet ha moglegheit til å innhenta slike, dersom det er nødvendig.