Alle er einig om at kvinna gjekk ofte til fastlegen sin.

Deretter er det to vidt forskjellige forklaringar om kva som skal ha skjedd både på legekontoret og heime hos den populære bergenslegen.

Legen er tiltalt for misbruk av stilling for å sjølv skaffe seg seksuell omgang med den kvinnelege pasienten. Dette skal ha skjedd mellom 2001 til 2005, ifølgje påtalemakta.

Fastlegen sjølv nektar all skuld.

Måndag starta rettssaka i Bergen tingrett. Saka var opprinneleg fastsett til å vare fem dagar, men blir forlenga på grunn av ei omfattande liste med vitne.

— Kvalm av after shave

Bakgrunnen for dei mange legebesøka, handla mellom anna om at kvinna sleit med ein vond rygg, ifølgje Jannicke Keller-Fløystad. Ho er pasientens bistandsadvokat.

— Ho hadde mykje smerter i ryggen, og fekk utdelt smertestillande. Men vi meiner at ho har fått utdelt for mykje medisin, seier Keller-Fløystad til BT.

Den kvinnelege pasienten forklarte i retten i dag at ho opplevde overgrep frå legen kanskje annakvar gong ho var der.

Den dag i dag hugsar ho etterbarberingsvatnet til legen, ifølgje henne.

— Kva føler du når du kjenner den lukta, spurde ein av meddommarane.

— Eg blir kvalm, forklarte legens tidlegare pasient.

Måndag forklarte ho seg om ei veldig skuldkjensle.

— Han hadde makt, og eg stolte på han. Eg følte at det var noko i vegen med meg, som gjorde at det skjedde. Eg skulle ønske eg hadde slåst imot, sa ho, ifølgje BA.

- Sms fra legen

Også kvinnas ektemann fortalde i retten om fleire ting han opplevde som snodig.

Ein ting var at ho alltid dusja før legebesøk, ifølgje han.

— Men eg forsto ikkje behovet for å gå til legen så ofte. Og den mengda med reseptar. Og så kom desse tekstmeldingane. Eg blei litt forundra over at ho fekk tekstmeldingar frå legen. Det var ganske uvanleg, sa ektemannen.

Ifølgje han, var det særleg ei melding sendt ei nyttårsaftan han hugsa - bortsett frå at han i retten ikkje hugsa meldinga.

— Eg syns den var uvanleg, sa han.

— Hugsar du innhaldet, spurde aktor Trond Eide.

— Nei.

Han kalla tilhøvet til legen for «unormalt».

— Eg spurde mange gongar: Kva er det med den legen, kvifor må du gå så ofte til han? Då ho til slutt fortalde om han, gjekk det for opp for meg kva som hadde skjedd. At ho hadde bore på dette i mange år, fortalde ektemannen.

- Sjekka huset på nett

Fastlegen sjølv avviser skuldingane, og seier at han på legekontoret kun har hatt eit profesjonelt tilhøve. Han har også avvist at kvinna har vore heime hos han. Derimot hadde dei ein felles kjenning, og var difor fleire i lag til eit bryllaup både legen, pasienten og kjenningen skulle i.

Han meiner det er fleire argument for at skuldingane er falske:

  • At han ikkje alltid visste kor lenge sekretærane jobba, og at det slik ville vere uråd å ha samleie på legekontoret.
  • At ho ikkje hugsar spesielle kjenneteikn frå bustaden han den gong hadde.
  • Og, meiner han, at kvinna må ha sett på Google Earth for å sjå kor han budde - og slik kunne teikne opp ei planteikning over huset.
  • Ho har problem med å hugse mykje. Men akkurat dette skal ho ha nær fullstendig fotografisk minne på, sa legen.

I retten kom han på at kvinna muligens likevel kan ha vore oppom for å hente noko til bruk for den felles kjenningen.

Legen sjølv har hatt mistanken over seg i over fire år. Kvinna melde saka til politiet i 2009.

— Det har vore, for å bruke eit folkeleg ord, eit helvete, sa legen.

— Det er riktig at saka har tatt lang tid, seier aktor Trond Eide til BT.

Han forklarar det med ei komplisert etterforsking både på grunn av ei tilstøytande sak som sidan er blitt henlagt, at hendingane skal ha skjedd lang tid tilbake og lang sakshandsamingstid.