• Jondalstunnelen er for stor for fylkeskommunen. Vi må arbeida for å få tunnelen inn i Nasjonal Transportplan.

Det er fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som seier dette til Bergens Tidende. Dei kostnadstala for tunnelen som Statens vegvesen har lagt fram, syner at det trengst minst 180 millionar kroner i tillegg til dei 335 millionar kronene som fylket så langt har trudd tunnelen ville kosta.

Per i dag finst ikkje desse 180 millionane nokon stad.

I røynda trengst det truleg meir, ettersom det lågaste overslaget frå vegvesenet, 502 millionar kroner, gjaldt eit fyrste byggjesteg med tunnelen og det mest naudsynte av tilførsleveg. Attpå til vil dette vegvalet vera omstridd på grunn av store inngrep i bygda Nordrepollen i Kvinnherad.

For seint for NT?

— Nei, dette vert vanskeleg, seier Nilsen, som er fullt klår over at fylket har strekt seg så langt det er mogleg, med tilsegn om 110 millionar kroner.

Jondalstunnelen er fylkesveg, og som fylkesveg har han ingen plass i Nasjonal Transportplan, der det på vegsektoren berre er snakk om riks- og stamvegar.

— Stortinget skal handsama og vedta Nasjonal Transportplan 2006-15 alt i vår. Då er det vel altfor seint no å prøva å smetta inn Jondalstunnelen?

— Vi kan då freista å arbeida politisk inn mot Nasjonal Transportplan. Dersom Stortinget vil, er det ingen som kan hindra dei i å ta Jondalstunnelen inn i NT, seier Tom-Christer Nilsen.

Verste vi kan gjera

— Der står alt Hardangerbrua på venteliste. Risikerer vi ikkje då at brua og tunnelen vert sett opp mot kvarandre, med endå sterkare kløyving i Hardanger som resultat?

— Det verste vi kan gjera, er å kjempa mot kvarandre innad. Då vil andre stikka av med pengane vi elles kunne fått. Fylkestinget har sett Hardangerbrua på topp. Jondalstunnelen må prioriterast i høve til alle dei andre vegplanane vi har i Hordaland, seier Nilsen og legg til:

— Eg trur at dei som måtte prøva å setja Jondalstunnelen opp mot Hardangerbrua, vil gjera det meir fordi dei er i mot brua enn for Jondalstunnelen. Men resultatet kan då godt verta at Hardanger verken får det eine eller det andre, seier Tom-Christer Nilsen.

Lån brufondet

Bjørn Lothe frå Ullensvang, som representerer SV i fylkesutvalet, vil i det lengste halda på Jondalstunnelen som fylkesveganlegg.

— Tunnelaksjonen i Odda vil setja Jondalstunnelen opp mot Hardangerbrua, og krevja pengane i brufondet. Kva meiner du om det?

— Eg kan fylgja dei langt på veg. Men det er eit stort fleirtal i fylkestinget for Hardangerbrua, og det må vi innretta oss etter. Eg har eit forslag likevel: - dersom Stortinget til våren nektar Hardangerbrua plass i Nasjonal Transportplan, så er brua skoten ut i tid til i alle fall etter 2015. Då burde det vera råd å diskutera om ikkje pengane i Hardangerbrufondet, over 100 millionar kroner, kunne gjevast som lån til Jondalstunnelen. Det ville minska gapet mellom fylket sitt kostnadsoverslag og kostnadstala frå vegvesenet, seier Bjørn Lothe.

Saumfara tala

Arne Sortevik, som sit på Stortinget for Frp, vil freista å minska dette gapet endå meir ved å saumfara grunnlaget for vegvesenet sine kostnadstal.

— Vil Frp vera med å skaffa fleirtal for 50 millionar frå Stortinget til Jondalstunnelen neste haust?

— Det vonar eg partiet vil, men vi kan sjølvsagt koma i ein situasjon der dette ikkje er nok til å berga tunnelen, seier Arne Sortevik.