— Det er heilt hårreisande at fylkesmannen bryter ei lov ha er satt til å forvalta. Han bør ikkje få beholda jobben sin, meiner Arne Jensen, leiar i offentlighetsutvalget i Norsk Presseforbund.

Ville begå lovbrot

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si avgjersle i Terra-saka er klar. Planen var å sende vedtaka på e-post til dei aktuelle kommunane Vik og Bremanger. Men media og folk flest måtte vente til dagen etter med å få vite avgjersla.

— Soleklart lovbrot, meinte både presseforbundet og juridisk professor.

Svært uheldig avgjersle

— Når dokumentet er sendt ut frå fylkesmannen, er det offentleg. Det fins ingen reglar som gir fylkesmannen rett til å venta med å gi innsyn i offentlege dokument av omsyn til adressaten. Lova er heilt klar, dokumentet er offentleg frå det er avsendt. Der er svært uheldig viss fylkesmannen set seg ut over dette, seier Jan Fridthjof Bernt, professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen.

Fylkesmannen meinte omsynet til kommunane var viktigast.

— Denne saka er så stor at vi vil gje dei to kommunane ein fair sjanse før medietrykket set inn i morgon, sa Oddvar Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Heilomvending

Etter at Bergens Tidende konfronterer fylkesmannen med lova, har fylkesmannkontoret kome fram til at dei skal sende dokumenta til kommunane samstundes med som dei legg dokumentet ut til offentleg ettersyn. Det skjer i morgon tidleg.

— Kva seier du om påstanden frå presseforbundet om at den juridiske kompetansen dykkar er hårreisande dårleg?

— Det har eg ikkje noko kommentar til, seier Flæte.

Aldri høyrt om liknande

Bernt vil ikkje gå så langt som Jensen, men meiner fylkesmannen bør få ei ei påtale frå Justisdepartementet for ei slik framferd.

— Fylkesmannen har ansvaret for å sjå til at kommunane følgjer reglane i offentlighetsloven. Det er eit svært uheldig signal viss det er slik at han set seg ut over loven sine klare reglar ut i frå det han meiner er fornuftig i den konkrete saka, seier Bernt. Han har aldri høyrt om liknade sak.

— Det viktig at departementet tek tak i denne saka, seier han

Først ute

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er først ute med avgjerda av fylkesmennene som har undersøkt om dei åtte Terrakommunane har gjort noko ulovleg. Tidligare har advokaten til dei to kommunane konkludert med at Vik og Bremanger braut kommunelova då dei innvesterte fleire hundre millionar i risikable amerikanske verdipapir.

- BRYT LOVA: Fylkesmann Oddvar Flæte bør gå av, meiner Norsk Presseforbund.