• Eg måtte ta Gjermund Hagesæter i trøya før eg fekk gratulert han. Det burde ikkje vere naudsynt, seier Sigrun Sangolt Natås.

TRINE EILERTSEN trine.eilertsen@bergens-tidende.no Gjermund Hagesæter vann tredjeplassen på lista til Hordaland Frp, og slo dermed ut Sigrun Sangolt Natås i kampen om den attraktive plasseringa. Sangolt Natås, som er formann i Hordaland Frp, reknar seg som ferdig med striden i partiet no, men ser at andre i partiet kan trenge meir tid. Ho ser sin eigen stilling som fylkesformann som trygg, sg etter årsmøtet i partiet. Og om ein motkandidat likevel skulle vinne fram? Usikker formannsplass — Javel, er alt eg kan seie. Då blir det slutt på alt dugnadsarbeidet, om ikkje anna, seier Sangolt Natås, som i same slengen karakteriserer Frp som sin eigen verste fiende.Heilt sidan i fjor sommar har Sangolt Natås visst at det ville bli kamp om listeplasseringane i partiet. Då kom dei første signala, her ville det bli bråk. få tviler på at partiet vil ta med seg striden på årsmøtet om eit par veker.Sangolt Natås er valgt som fylkesformann i partiet for to år. Dei siste par månadene har fleire stemmer uttrykt at ho ikkje kan rekne med å få behalde jobben særleg lenge. - Reint pliktløp for meg - Eg har berre lese om dette i BT, og veit ikke noko meir om det, seier Sangolt Natås.Terje Knudsen sitt håp om ein karriere som stortingsmann vart knust laurdag. Han er ikkje klar for å seie noko om nederlaget. - Det var eit reint pliktløp for meg å gå på det møtet, seier Knudsen. Men sjølv om det var venta, har ikkje stortingsrepresentanten tenkt over korleis det vil gå med den politiske karrieren etter valet til hausten.