— Både Anda og resten av Gloppen er eit område med ekstremt rike fortidsminne. Etter alt å dømme ligg det fornminne i heile området rundt flyplassen, seier Thomas Bruen Olsen.

Arkeologen ved Bergen Museum har vore leiar for utgravingane som blir avslutta neste veke. Det er gjort funn som spenner seg over fleire tusen år, noko som er uvanleg.

På tunet til Ola E. Hjelmesæt har dei så langt funne tuftene etter ti hus. Dette er bygningar like frå bronsealder til høgmellomalderen, altså frå kring 1800 f. Kr til 1400. Det mest uvanlege funnet er likevel restane av ein brønn frå kring år 1100.

— Å finne brønnar utanom byane er veldig sjeldan. Nede i brønnen fann vi også fleire tregjenstandar som var godt bevarte, fortel Bruen Olsen.

Delvis kan dei rike funna forklarast med at arkeologane på Anda får lov til å undersøkje eit tun som har vore sentrum for gardsdrift i uminnelege tider.

— Det er sjeldan vi får grave heilt inne på eit gardstun, slik vi kan gjere her.

På tomta der Hjelmesæt skal føre opp det nye gardstunet, er det funne spor etter åtte hus. Utgravingane viser at nye hus har blitt bygt på tuftene av dei som stod der før, men dateringane viser at det ikkje er så langt tidsrom mellom dei ulike bygningane. Arkeologane er overraska.

— Vi hadde ikkje venta så rike funn i eit område som er så vakse til med skog. Denne staden har ikkje vore brukt til jordbruk i nyare tid. Men dette berre viser at kor rikt området er, seier Bruen Olsen.