— Vi tek konklusjonen til Granskingsutvalet til etterretning. Men dette er ikkje ei reinvasking av dei tre forskarane i fiskehelsemiljøet i Bergen, seier Odd Magne Rødseth, administrerande direktør i AquaGen AS.

— Hvis ikkje Universitetet tek sakkunnigrapporten på alvor og eit oppgjer på kammerset, vil fleire slike saker dukke opp i framtida.

- Neglisjerte

AquaGen kontakta Granskingsutvalet, fordi selskapet meinte at forskarane brukte forskingsmateriale på feil måte i den omstridde artikkelen.

— Ein del av materialet fekk UiB frå samarbeidspartnarar av AquaGen. Då vi såg korleis dette vart brukt i artikkelen, påpeika vi dette i eit møte. Våre kommentarar vart neglisjerte, seier Rødseth.

— Derfor ba vi utvalet vurdere om resultata og konklusjonen i artikkelen var i samsvar med god forskingspraksis og krav til redelegheit.

Sjølv om Rødseth ikkje er glad for konklusjonen, rosar han utvalet for å ha gått vidare med saka.

— Utvalet køyrde saka heilt ut, trass i at Universitetet og andre instansar jobba iherdig med å trenere og avslutte saka før sakkunnige vart kopla inn. Utvalet viste stor styrke og objektivitet og henta inn ekstern ekspertise, seier AquaGen-direktøren.

- Prinsippsak

Den uavhengige ekspertisen fann fleire brot på god vitskapleg praksis i artikkelen. Utvalet konkluderer likevel med at forskarane har opptrådd redeleg.

— Det er eit stort avvik mellom konklusjonen til dei sakkunnige og konklusjonen til granskingsutvalet. Vi registrerer at det er veldig høg terskel for kva som blir definert som alvorleg brot på vitskapleg praksis i Norge.

AquaGen brukar kring 30 millionar kroner i året på forsking. Ein tredel av summen blir brukt til å finansiere ekstern forsking.

— For oss er dette ei prinisippsak. Vi er eit innovativt selskap som baserer oss på forsking. Kunnskapen vi får tilbake må vere basert på definerte og anerkjende forskingsmetodar. Mi melding er at både Universitetet og forskingsmiljøet for fiskehelse må ta ein kritisk gjennomgang av praksisen som er etablert i gruppa. Handverket må vere i samsvar med god vitskapleg praksis.

- Nylund hevdar at næringa har prøvd å skremme forskarane frå å publisere data?

— Dette er på ingen måte "chilling". Nylund får meine kva han vil. Vi har gjort det vi meinte var objektivt rett. Målet vårt var ein uhilda uttale frå ein tredje part, og det har vi fått.