— Uprofesjonelt av NSB, men eg stoler på at komitemedlemene er profesjonelle, seier byråd Lisbeth Iversen til Bergens Tidende.

Både ho og utvalsleiar Anne Gine Hestetun var lite glade for NSB-direktør Arne Wam si utgreiing om flytogplanane under Transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget si synfaring i går, rett før tinget skal avgjera bybanen sin lagnad.

— Toget har gått for useriøse innspel, hevdar dei.

— Dette er same prosjektet som vi presenterte i 2003. Vi har vore tilbakehaldne med å syna det fram, av omsyn til Bybanen, men når stortingskomiteen ber om ein presentasjon, er vi høflege nok til å gjera det, parerer Wam.

Ja takk, begge delar

Sjølv om dei to banene går i heilt ulike trasear, og neppe tevlar om same passasjerane, innser Wam at det kan bli tevling om pengar på offentlege budsjett.

— Realistisk sett vi Stortinget måtte velja det eine og vraka det andre prosjektet, seier Wam.

Men komitemedlem Øyvind Halleraker frå Bømlo tek gjerne på seg Ole Brum-rolla:

— Når Staten har spandert heile Gardermobanen på Oslo, må det vera rimeleg at Bergen får eit flytog til 1,8 milliardar. Det er jo berre ein brøkdel, seier Halleraker til Bergens Tidende.

Men han er tydeleg på at no er det Bybanen som står på agendaen. Flytoget må eventuelt utgreiast til eit seinare høve.

20 minutt

— Verken bussar eller ei lenging av Bybanen, ein gong i framtida, vil gje skikkeleg tilbringarteneste til ein ekspanderande flyplass på Flesland, sa Wam.

Han skisserte tog kvar time frå Voss som køyrer i butt på Bergen stasjon. Der spaserer lokomotivføraren til andre enden av togsettet og køyrer vidare til Flesland på 20 minutt, medrekna stogg under Haukeland sjukehus, på Kronstad, Minde, Fyllingsdalen (Oasen), Sandsli og Kokstad. Eit alternativ om Nesttun er litt billegare. Også lokaltog frå Arna kan køyra vidare til flyplassen. Med billettpris på 100 kroner kan NSB ta drifta utan auka subsidiar. Men bygginga av banen kan ikkje NSB kosta åleine, og Wam er sterkt imot å ta av pengar som kan brukast til betre jernbane austpå.

Visjonar og ras

Under stortingskomiteen si togreise mellom Bergen og Voss i går, presenterte leiaren i Forum Nye Bergensbanen, ordførar Bjørn Christensen, dei tiltaka som må til for å nå visjonane om reisetid ned mot fire timar Bergen-Oslo. Ikkje uventa ynskte han omkamp om trasévalet for Ringeriksbanen, for å spara tid og pengar, nesten ein milliard av det siste.