EYSTEIN RØSSUM

Berekningane er først og fremst gjort med grunnlag i rekneskapsboka som vart funne i huset på Sotra der den 42 år gamle hovudmannen budde, i tillegg til anna skriftleg materiale.

Frå desember 2003 til januar 2005 meiner politiet hallikane har formidla 1698 treff mellom ei rekkje prostituerte baltiske jenter og norske menn. Med prisar mellom 1300 og 1500 kroner per kunde, vil dei samla inntektene av eit slik sex-sal ha vore minst 2,2 millionar kroner.

I går vart begge dei to halliksikta mennene frå Estland fengsla for fire nye veker. I Stavanger sit ligaens sentralborddame bak lås og slå; også ho fekk måndag forlenga fengslingsperioden. Alle tre har tilstått på dei viktigaste punkta i siktingane.

Politiet har varsla at dei vil krevje mellom to og tre års fengsel for den 42 år gamle hovudmannen. Den andre estaren, ein 26-åring, risikerer mellom eitt og to år bak murane, ifølge politiet, medan den fengsla kvinna kan vente seg ein mildare reaksjon.

I går forklarte ei av dei prostituerte som var knytta til ligaen seg i Bergen tingrett. Ho fekk hjelp av den sikta 42-åringen til å etablere seg i Bergen, og overleverte også pengane ho tente til han. Jenta sa at ho reiste til Bergen frivillig, og at 42-åringen berre hjelpte henne med å organisere annonsering og husrom, og med overføring av pengar til bankkontoen ho hadde i Estland.

Advokat Rolf Knudsen, som forsvarer 42-åringen, meiner politiets varsla straffepåstand er for streng.

— Dette er ikkje ei trafficking-sak. Jentene har kome frivillig; ingen har forklart seg om at dei har vore under tvang eller at dei har vorte lurt, seier Knudsen.