• Samfunnet sparar kolossalt på å dele ut ny og effektiv medisin, seier leiar Svein Dåvøy i Norsk Revmatikerforbund.

Meldinga frå Norsk Revmatikerforbund er klar: Redusert bruk av moderne og effektive medikament må ikkje bli eit sparetiltak for sjukehusdirektørane.

— Samfunnsøkonomisk ville det vere heilt forkasteleg, eller som å spare seg til fant, seier Dåvøy.

Effektiv medisinbruk er svært produktivt og gir stor gevinst, seier han, og brukar kronikarar som eksempel.

  • Vi kan stå lenger i arbeid, og får betre livskvalitet. Vi slepp å bli svingdørspasientar og Nav-klientar, og sparar helse- og trygdebudsjettet for store summar. Det er milliardbeløp å spare.

Men dei nye medisinane er svært dyre. Berre i løpet av dei fem første månadene i år sprakk medisinbudsjettet til Helse Bergen 14 millionar kroner.

Særleg TNF-hemmarar (til behandling av revmatiske sjukdomar), MS-medisin og kreftbehandling er blitt større utgiftspostar enn budsjettert.

Revmatikarane fryktar at Helse Bergen no vil «knipe inn» på medisinane.

  • Vi er livredde. Sjukehusa tenkjer bedriftsøkonomi, og er opptekne av å halde budsjetta, men dette er altfor viktig til å overlate til sjukehusdirektørane. Her må nokon på eit høgare politisk nivå ta styringa.

Kva meiner du? Delta i debatten her.