Det var i januar i år at mannen vart pågripen og fengsla, etter at mor til eitt av barna hadde slått alarm.

Deretter har saka berre vakse i omfang ettersom politiet har arbeidd seg fram.

— Det er snakk om ei av dei mest omfattande overgrepssakene her i distriktet, stadfestar politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Under 14 år

Den sikta mannen, som er i 40-årsalderen, sit framleis varetektsfengsla.

Han er sikta for i alt 17 forhold begått mot 15 mindreårige gutar. Dei yngste var under 14-årsgrensa då overgrepa skjedde.

Overgrepa skal ha skjedd over ei årrekkje, og politiet meiner også å ha funne tre straffbare forhold som ligg utanfor foreldingsfristen på ti år.

Ettersom saker av denne typen kan bli lagt bak lukka dører i retten, er Broberg varsam med å opplyse detaljar om kva overgrep det er snakk om.

Likevel opplyser han at det er snakk om ulike former for overgrep, der dei mest grove og omfattande er begått mot to av dei fornærma.

Tidlegare er det kjent at mannen har hatt tilknyting til eit lokalt idrettsmiljø, og at nokre av overgrepa skal ha skjedd i samband med dette tillitsvervet. Mannen har erkjent delar av det han er sikta for.

Alt er avdekka?

Siste forholdet han er sikta for, skjedde i januar i år, like før han vart pågripen. Det var ei mor som slo alarm, og dermed vart det avdekka ei svært lang og omfattande overgrepssak.

— Korleis kunne dette pågå i så mange år, i eit så lite miljø utan at det vart oppdaga?

— Det er vanskeleg å svare på. Det har vore eit tillitsforhold mellom barna og den sikta, og dette har vore forhold som dei ikkje har klart å avverge og som det sjølvsagt er vanskeleg å fortelle om, seier Broberg.

— Er politiet sikre på at alle overgrep og offer er kome fram gjennom etterforskinga?

— Det er vanskeleg å seie heilt sikkert, men vi meiner at vi er komne så langt som vi har kunna. Men vi kan aldri vere hundre prosent sikre på å avdekke absolutt alt i ei slik sak som går over så mange år, seier Broberg.

Ikkje samordna støtte

Saka er enno ikkje oversendt statsadvokaten, og den endelege tiltalen er såleis ikkje klar. Nordfjord tingrett har likevel forhandsberamma saka ei veke i oktober.

Så langt har retten oppnemd fire bistandsadvokatar for dei fornærma. Ein av dei, advokat Klaus Iversen, representerer ein av dei som enno er mindreårig.

Ettersom overgrepa har pågått over så mange år, er dei fornærma i dag svært spreidd i alder. Nokre er for lengst vaksne, medan andre enno er mindreårige. Dette har gjort at samla hjelpetiltak frå det offentlege ikkje har vore aktuelt. Iversen opplyser at det einaste han kjenner til av slik hjelp til dei fornærma, er at barnevernet rutinemessig er blitt informert.

— Eg veit at dei har involvert seg i forhold til enkelte av dei fornærma, seier han.

— Vi bistandsadvokatar kjem nok til å snakke saman og samordne oss der det er naturleg, men dette har enno ikkje skjedd.

Eitt av områda der dette kan bli aktuelt, er i spørsmålet om erstatning og oppreising til dei fornærma. Politiet har i siktinga tatt atterhald om påstand om erstatning, og skal etter planen sende over si tilråding til statsadvokaten i løpet av mai.