— Slik situasjonen er no, er Førde kanskje den tryggaste plassen i heile landet, seier Fonn til bt.no. Lensmannen viser til den store merksemda rundt saka, at folk er vakne og at det kryr av politifolk i tettstaden.

— Men samtidig utelukkar politiet ikkje at Anne Slåtten var eit tilfeldig offer. Korleis kan de utelukke at vedkommande vil slå til igjen?

— Vi vil ikkje gå ut med noko som skaper unødig frykt blant folk flest. Erfaringar viser også at det er uhyre sjeldan at slikt skjer igjen, seier Fonn.

Fonn har på pressekonferansar tidlegare peikt på at han har budd i Førde i over 30 år utan at noko liknande har skjedd, og at han meiner at Førde framleis er trygt. Overfor bt.no erkjenner han likevel at det kan vere grunn til å passe litt ekstra på.

— Folk kan gjerne vere merksame dersom dei bevegar seg på øde plassar. Å gå fleire i følgje er aldri dumt, seier lensmannen.

Fonn fortel elles at etterforskinga går på same måte som tidlegare, med ei brei kartlegging og innsamling av alt materiale som kan ha betydning. Tipsmengda er byrja å avta noko, og politiet sat mandag formiddag på mellom 250 og 260 ulike tips. Nye vitner tar framleis kontakt, men kvinna som stod i busslomma berre nokre titals meter unna åstaden har enno ikkje meld seg.

Fonn vil ikkje kommentere spekulasjonar om at ei pågriping kan komme kjapt.

— Vi etterforskar saka på brei front, og kjem til å bruke den tida vi treng, seier han.

Mandag ettermiddag skal politiet kle opp ein modell som liknar den drepte Anne Slåtten i klede tilsvarande dei ho hadde på seg drapsmorgonen.

— Håpet er at bilder av henne vil få nokon fleire til å hugse dersom dei har gjort observasjonar av henne, seier lensmann Kjell Fonn.

<b>DREPT:</b> Sjukepleiarstudent Anne Slåtten vart funnen drept måndag 7. juni.
Privat
<b>- LEV SOM VANLEG:</b> - Vi vil ikkje gå ut med noko som skaper unødig frykt blant folk flest, seier lensmann Kjell Fonn i Førde.
Oddleiv Apneseth (arkiv)