• Ei gripande historie, men for utleverande, seier Espen Ottesen, informasjonsleiar i NLM.

Han understrekar at Norsk Luthersk Misjonssamband tek avstand frå hets og sjikane, men meiner at Arnfinn Nordbø si bok er for utleverande overfor foreldra.

— Nokre avsnitt er for private og burde vore luka vekk.

Ottesen meiner dessutan at Nordbø framstiller bedehuskristne som lettvinte i møte med bibeltekstar, og at forfattaren er ubalansert, fordi han går for langt i å trekkje fram ytterleggåande standpunkt.

— Men eg er rysta over sjikanen han er blitt utsett for. Det er eit regelrett brot med kristen nestekjærleik.

LNM meiner at homofilt samliv og praksis er i strid med Guds vilje. Men alle, også homofile, er velkomne på møte i LNM, seier Ottesen.

  • Men vi stiller krav til at tilsette og tillitsvalde står på vårt grunnsyn. Dette gjeld på mange område. Mellom anna ville vi hatt problem med å tilsetje ateistar, glamourmodellar og heterofile sambuarar.

Boka har også gjort inntrykk på leiar i NLM Ung, Øystein Sunde Pedersen.

  • Eg håpar boka blir eit høve til å ta eit oppgjer med uvettig språkbruk og alle formar for nedsetjande omtale av homofile i NLM, seier Pedersen til BT.