OVE ARNE OLDERKJÆR

Advokat John Raknes var ikkje nådig i sin omtale av HSD då Bergen tingrett i går avslutta saka der ein kaptein (50) krev jobben tilbake etter at han fekk avskil grunna brot på selskapets alkoholreglement.

Kapteinen, styrmannen og motormannen sitt pilsinntak på frivakt frå MF «Os» på Austevoll 28.august i fjor, var det nest siste dei gjorde som HSD-tilsette. Dagen etter signerte kapteinen avskilspapiret, dei to andre sa seg opp. Bakgrunnen var brot på HSDs internreglement for alkohol. Den sparka styrmannen sin blodprøve viste seinare ein promille på 0,05.

— HSD si regelforståing av nulltoleransen på fartøya er strekt til å omfatta dårleg ånde og likestiller drikking om bord med drikking på land, sa advokat John Raknes i ein sluttreplikk før administrator Eva Macody Lund tok saka opp til doms i går. Dommen fell truleg ikkje før etter nyttår.

Lukt av lettøl nok

Nulltoleransereglementet som HSD Sjø innførte hausten 2002, etter den første promilleskandalen med MF «Os», går langt vidare enn offentleg lov om totalfråhald åtte timar før teneste.

Dette gir grunnlag for avskil i HSD: oppbevaring og nyting av alkohol om bord, overskriding av promillegrensa på 0,0 i teneste, raudt utslag på blåsetest, lukt av alkohol eller av alkoholfritt øl på jobb.

— Reglementet er strengt. Målet er å gjera det tydeleg for passasjerane at alkohol ikkje er med i bildet i vår drift, sa administrerande direktør Geir E. Aga i HSD Sjø i si partsforklaring.

Aga var den som effektuerte avskilen av den 50 år gamle «Os»-kapteinen same dag som skandalen eksploderte i media.

Kapteinen sin forsvarar meiner den enkelte arbeidsgjevar ikkje kan regulera seg bort frå norsk lovgjeving ved einsidig å innføra eit slikt reglement. Sjømannsloven oppgir «gjentatt beruselse» som oppseiingsgrunn, poengterte advokat Raknes.

Raknes hevda i prosedyren sin at HSD gav kapteinen avskil forhasta, påverka av mediestormen, og på for tynt grunnlag. Han viste til at pilsdrikkinga ved Hufthamar ferjekai skjedde i moderat mengde på land, og i fritida.

- Med ølflaska i handa

HSD sin prosessfullmektig, advokat Trond Hatland gjekk til frontalåtak på den sparka kapteinen. Han sa i prosedyren i går at kapteinen dreiv grov ansvarsfråskriving, at han forklarte seg mangel- og motsetnadsfullt.

— Han viste dårleg dømmekraft. Han var med på å planleggja og utføra drikkinga. Han tok imot ein nytilsett matros så å seia med ølflaska i handa. Han viste ikkje ei ansvarleg haldning som ein forventar av kapteinar i HSD, sa advokat Hatland.

For Hatland og HSD Sjø er likevel det viktigaste momentet i denne personalsaka at kapteinen etter avskilen frivillig tok imot tilbodet om sjølv å seia opp stillinga, mot at avskilen blei trekt.

Motparten hevdar at det etter avskilen den famøse kvelden ikkje lenger var nokon stilling å seia seg opp frå.

Advokat for den sparka MF «Os»-kapteinen John Raknes