Tre restaurantar vart stengde under den store utestad-kontrollen natt til laurdag. For to veker sidan stengde Mattilsynet fem restaurantar i samband med ein kontroll. Torsdag fekk Vågsbunnen restaurant stoppordre og tre månaders karantene på grunn av ei rekkje tilbakevendande brot på matlova.

— Mitt inntrykk er at det er ei viss overetablering i denne bransjen for tida, og at det er dei marginale bedriftene som juksar. Dei slurvar med vedlikehald, orden og hygiene for å spara pengar, trur Paal Fennell.

— Heldigvis har dei etablerte restaurantane orden på sakene. Men det er viktig at vi tek juksemakarane, slik at ikkje dei dårlege vanane får spreia seg i bransjen, seier distriktssjefen.

Aksjonane var varsla

Han er overraska over at ikkje alle bedrifter hadde rydda opp og førebudd seg på kontroll.

— Alle som les aviser burde ha fått med seg at Mattilsynet har varsla store kontrollar i desember, seier han.

Den nye regjeringa har alt sendt ut signal om at det blir auka fokus på mattilsynet.

— Det blir store kampanjar i året som kjem. Vi kjem til å bruka tøffe verkemiddel. Og som vanleg vil vi i Bergen liggja først i løypa med dette arbeidet, seier Fennell.

Det var kontorsjef Gro Gaarder ved Kontoret for skjenkjesaker i Bergen kommune som leia den store aksjonen natt til laurdag, som også avslørte at det finst utestader i Bergen som driv utan nødvendige løyve.

Problemet større enn venta

— Dette problemet kan sjå ut til å vera større enn vi trudde, seier ho.

— Vi har ikkje hatt pengar til kontroll av løyve. No er vi nøydd til å finna på noko, slik at vi kan gå delar av denne næringa nærare etter i saumane, seier ho.

Planen var at dei 41 kontrollørane frå i alt åtte offentlege etatar, som aksjonerte fredag kveld, skulle innom 120 utestader.

— Vi rakk ikkje så mange. Slike aksjonar tek tid, alt etter kva vi finn, og denne gongen fann vi litt av kvart, seier Gro Gaarder.

I tillegg til skjenkjekontrollen og Mattilsynet, var politi, trygdeetat, Skatteetaten, Lotteritilsynet, Kemnaren og Brannvesenet med på aksjonen. Aldri før er det avvikla ein så stor utelivskontroll i Bergen. Gaarden lovar at det blir fleire aksjonar.