• Altfor mange kvinner får keisarsnitt på Voss sjukehus. Det er heilt meiningslaust!

Det meiner seksjonsoverlege Torunn Eikeland ved fødeavdelinga på Kvinneklinikken i Haugesund.

Fødeavdelinga på Voss sjukehus hadde ein keisarsnittfrekvens på tjue prosent i 2007, nær det dobbelte av Kvinneklinikken i Bergen.

— Dette rimar ikkje! Kva er det med kvinnene på Voss som gjer at ei av fem ikkje klarar å føde på vanleg måte? spør Eikeland - og svarar sjølv:

— Det er velkjent blant fødselslegar, allmenlegar og gravide at det er langt lågare terskel for keisarsnitt på Voss enn ved dei andre fødeinstitusjonane i Helse Vest, seier Eikeland.

**Les også:

— Voss bør bare ta normale fødsler**

Høg terskel hos dei store

Fødeavdelinga på Voss sjukehus hadde 434 fødslar i 2007. Nær nitti av kvinnene vart forløyste med keisarsnitt, og godt over halvparten av operasjonane var planlagde.

— Tjue prosent keisarsnitt er høgt, særleg fordi små fødeavdelingar skal sende risikofødslar vidare til større avdelingar, seier Eikeland.

Dei store kvinneklinikkane i Bergen og Haugesund har ein keisarsnittfrekvens på 10-12 prosent i året.

— Kan terskelen for keisarsnitt bli for høg på større avdelingar?

— Vi må heile tida vurdere praksisen vår og sjølvsagt ikkje kome på kollisjonskurs med våre fødande. Det må ikkje bli slik at friske fødande ikkje har lyst til å kome til oss på grunn av eit dårleg rykte, seier Eikeland.

Ho viser til at få operasjonar har så mange komplikasjonar som planlagde keisarsnitt, mellom anna blodpropp og infeksjonar.

— For friske barn og mødrer er naturleg fødsel best. Eg har ikkje vore ute for nokon som i ettertid har klandra meg for at dei fødde på vanleg måte.

Ikkje nok legar til alle

Eikeland er i tillegg systemansvarleg for fødestova i Odda, og tidlegare medlem i Nasjonalt råd for fødselsomsorg. I februar 2008 la ho ned vervet saman med resten av rådet. Dei hevda at forholda ved små fødeavdelingar gjekk på liv og helse laus.

Eikeland tar til orde for sentralisering av fødselshjelpa, og meiner at mange fødeavdelingar med under 500 fødslar i året bør gjerast om til jordmorstyrte fødestover.

— På grunn av korte avstandar og betre kommunikasjonar er dette ofte mest fornuftig. Det er seks mil og ferjefritt mellom dei to fødeavdelingane på Stord og i Haugesund. Vi får aldri nok gynekologar til ei forsvarleg dekning på dei små fødeinstitusjonane. Færre avdelingar vil gje betre beredskap for dei som treng det, argumenterer ho.

Risiko for mor og barn

Femten fødeavdelingar her til lands har under 500 fødslar. I Helse Vest RHF gjeld dette Voss, Stord og Nordfjordeid. Døgnberedskap på små avdelingar drep helseføretaka økonomisk, seier Eikeland.

— Det fører til kjempedyre utanlandske vikarstafettar, men det er ikkje alltid kremen av utanlandske legar som kjem hit som vikarar. Kvaliteten er vekslande, og dette er ein risiko for mor og barn.

— Meiner du at det kan vere farleg å føde på små avdelingar?

— Ja, dersom avdelingane ikkje gjer den nødvendige seleksjonen og sender risikofødslar vidare til større avdelingar. Det er veldig viktig at små avdelingar ikkje trur dei kan handtere alt like godt som store sjukehus.

JA TIL SENTRALISERING: Fødselslege Torunn Eikeland på Kvinneklinikken i Haugesund tar til orde for sentralisering av fødselshjelpa. - Folk kan gjerne dagpendle fem-seks mil på jobb, men å reise like langt eit par gonger i livet for å føde, er utenkjeleg, seier Eikeland. FOTO: KJELL STRAND, HAUGESUNDS AVIS.
Kjell Strand