LENA VERMEDAL PER MARIFJÆREN OVE A. OLDERKJÆR

Statens Vegvesen Region Vest har ikkje noko løysing på problemet på kort sikt. Dei vedgår at manglande reserveferjekapasitet er eit stort problem i dei to fylka Rogaland og Hordaland.

— Me slit med mange små og gamle ferjer. I staden for ei ferje, må det gå to for å avvikla trafikken. Vinter er også verkstadtid der ferjer er inne til planlagt vedlikehald. Det gir mindre kapasitet, seier Bjørg Hestdal, førstekonsulent ved Statens Vegvesen Region Vest.

Situasjonen blir ikkje betre før til våren.

— Me må nok slita med dette til mai månad. Då kjem MF «Sogn» attende som reserveferje, seier Hestdal.

- Tysnes har omkøyring

Hestdal vil ikkje vera med på at HSD-sambandet Halhjem - Våge. er nedprioritert.

— Eg forstår godt at folk blir frustrerte, men eg har ikkje dårleg samvit for Tysnes-ferja. Det er rett at sambandet har hatt ein del driftsproblem, men det har me óg i andre samband. Både me og selskapet prøver etter beste evne. Hadde me hatt meir disponibelt materiell, ville sjølvsagt Tysnes blitt prioritert, seier Hestdal.

Ho peikar på at tysnesingane ikkje blir heilt isolerte ved driftsstans.

— Dei har jo alternativ omkjøring over bru, medan fleire øykommunar i Hordaland til dømes blei heilt isolerte under stormen i førre veke.

99,7 prosent regularitet

Ferjesjef Bent Martini i HSD Sjø seier seg lei for at først MF «Melderskin» i sambandet Våge - Halhjem og i går også MF «Fitjar» i sambandet Skånevik - Matre - Utåker måtte ut av drift grunna teknisk svikt.

Han hevdar likevel at HSDs 31 ferjer, med ein snittalder på 24 år, er svært driftssikre. I fjor var regulariteten på 99,7 prosent.

— Den bakanforliggjande årsaka til at oljerøyr gav seg fleire gonger på «Melderskin», var svikt i oljepumpa. I og med at pumpa no blei skifta ut, reknar me med at problemet er over, seier Bent Martini.

Reserveferja «Melderskin» er bygt i 1985, den faste Halhjem - Våge-ferja «Bømlo» - no på verkstadsjekk på Bømlo - er bygt i 1972.

— Det er feil å seia at gamle båtar er årsak til driftsstans som me no har sett på Haljem - Våge. Slikt skjer ofte langs heile kysten, og mindre svikt let seg reparera av våre eigne maskinistar. Denne gongen gjekk ikkje det, seier informasjonssjef i HSD, Arild Sondre Sekse.

- Bank i bordet

I Sogn og Fjordane trafikkerer Fylkesbaatane (FSF) 16 ferjeruter med 19 ferjer. Tilliks med HSD er alderen på flåten relativt høg med drygt 25 år i snitt, og dei eldste ferjene nærmar seg faretrugande dei førti. Men FSF har likevel hatt få eller ingen problem med regulariteten av den grunn.

— Bank i bordet, vi har ikkje hatt kanselleringar sidan i sommar, seier ferjesjef Svein Solheim i FSF.

Rett nok kansellerte FSF to nattavgangar på E39-sambandet Lavik-Oppedal under stormfloa nyleg, men dette skuldast føre var-tenking og ikkje teknisk svikt. Solheim vil ikkje spekulera i bakgrunnen for alle problema hjå ferjekollegaene i sør.

— Vi har ingen grunn til å setje oss på vår høge hest. Vårt materiell er like gammalt som HSD sitt, og i morgon kan det vere vi som står oppe i problem, seier Solheim. - Det er så mange forhold som spelar inn, og ikkje alt heng direkte saman med vedlikehald og korleis vi disponerer flåten. Dette går litt i rykk og napp. Vi har vore heldige og litt dyktige.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er i dag ein del av Fjord1-konsernet, som er eigd av fylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I haust valde samferdsledepartementet å gje Fjord1 drifta av dei to største ferjesambanda på E39 i Hordaland og Rogaland, i konkurranse med mellom andre HSD.

Litt av ein kabal

Arild Sondre Sekse i HSD seier at det er litt av ein kabal å avgjera kva ferjetype og reservemateriell som skal gå i dei ulike sambanda.

— Det er fleire variablar å ta omsyn for for våre folk og for oppdragsgjevaren, vegvesenet. Vi vurderer nøye trafikkmengd og behov for kva type ferje i kva for samband. Nokre ferjer er blant anna bygde for meir vêrharde samband, seier Arild Sondre Sekse.