Forvaltningsreforma gjorde fylkeskommunane til langt større aktørar i samferdslesektoren frå årsskiftet. Hordaland fylkeskommune har ansvaret for 2905 kilometer fylkesvegar, 17 ferjesamband (av 19 totalt i fylket), og kollektivtransport med Skyssbuss og framtidig bybane. Berre fly og tog manglar.

— Toget skulle vi gjerne hatt meir kontroll med, seier Vestrheim.

I desse klimatider blir det heilt feil at billetten på det utsleppsfrie toget mellom Bergen og Arna skal kosta meir enn bussbilletten.

Han innser likevel at det neppe blir billegare på toget utan at fylkespolitikarane vil subsidiera statsbedrifta NSB med fylkeskommunale pengar, i tillegg til subsidiane frå staten.

Gamal vane vond å venda

Godt over ein månad etter at 1150 kilometer riksveg vart fylkesveg i Hordaland, vert dei framleis omtala som riksvegar i vegmeldingar i radioen, på Statens vegvesen sine internettsider, og i dei fleste samanhengar.

— Dette vil nok retta seg etter kvart, seier Vestrheim, og får tilslutnad frå avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen.

— Dei nye fylkesvegane blir i prinsippet jamnstilte med dei gamle, men det er førebels ikkje planar om å å setja opp nummerskilt langs dei gamle fylkesvegane, seier Vestrheim.

Dei nye fylkesvegane får som regel same nummer som dei hadde som riksvegar. Dersom ein gamal fylkesveg har same nummeret, kan det likevel bli endringar.

— Mest sannsynleg er det den gamle vegen som får nytt nummer, seier informasjonssjef Stanley Hauge i fylkeskommunen.

Staten skal berre ha ansvaret for stamvegnettet, som no er utvida med vegar til store terminalar, deriblant Flyplassvegen til Flesland og småstubbar til Dokken og Nygårdtangen. Dessutan får riksveg 555 grøne skilt frå Bergen til Kolltveitskiftet på Sotra, Voss - Sogndal over Vikafjellet er framleis riksveg (rv 13 Voss-Vangsnes og rv 55 Hella-Sogndal), og vegen over Hardangervidda skal framleis heita riksveg 7 fram til Hardangerbrua. Derimot er vegen vidare langs Hardangerfjorden og over Kvamskogen til Trengereid no fylkesveg 7 og skal framleis ha kvite skilt med svart tal.

Omorganiserer

Fylkeskommunen sitt auka engasjement i samferdsle har ført til omorganisering både på Fylkeshuset og Vegkontoret. Vestrheim har fått stab, og seksjonar for forvaltning, transportplan og veg, i tillegg til Skyss-organisasjonen.

Statens vegvesen har fått attende ordninga med vegsjef i kvart fylke, men med ny tittel. No er dei avdelingsdirektørar under regionsjefen på Leikanger.

Tidlegare distriktsvegsjef Olav Finne i Bergen er avdelingsdirektør for Hordaland.

Han har stab, to avdelingar (Bergen og Voss) for plan og forvaltning, tre geografisk avgrensa vegavdelingar og for tida to prosjektorganisasjonar, ein for Jondalstunnelen og Kvammapakken, den andre for vegprosjekt på Osterøy.

Nye folk

Distriktsvegkontoret på Voss er no vegstasjon, der tilsette som til dømes steller med førarprøve og nummerskilt på bilar, rapporterer til ulike avdelingar på regionkontoret, på line med vegstasjonar som i Odda. I tillegg har Voss to avdelingar under Olav Finne: Plan- og forvaltning, leia av Trude Tronerud Andersen, og Vegavdelinga, leia av Lars Øyre. Her er Etne ny kommune i tillegg til dei som var med i Voss og Hardanger distrikt.

Leiaren for Plan- og forvaltningsavdelinga i Bergen er Sindre Lillebø. Leiarane for dei to vegavdelingane er Arild Hegrenæs (Bergen og vestover) og Gunnhild Vangsnes (Nordhordland, Midthordland og Sunnhordland).

Tidlegare distriktsjef Arnfinn Ansok på Voss er fungerande avdelingsdirektør i Rogaland, og hans kollega Nils Magne Slinde i Sogn distrikt, er no avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane.