Den avdøde 61-åringen dreiv i fleire år sportsbutikk vis a vis klesbutikken.

— Han var veldig utadvendt og prata om alt muleg. Ein god kollega, seier Johansen. Ho fortel at stemninga er lamma i det vesle lokalsamfunnet med kring 700 innbyggjarar.

Dei fleste Bergens Tidende snakka med i går syntes det var skremmande å få så mykje politifolk og media like inn i nabolaget.

Rolf Einar Sjo bur like ved den store einebustaden til avdøde. I går kom politiet og sperra av deler av hagen hans.

— Det er ikkje kjekt å få politibanda heilt inn i hagen. Dette er skummelt. Han var ein kjekk og grei nabo. Det er eit sjokk, seier Rolf Einar Sjo som sist såg naboen sin på søndag.

— Det er forferdeleg trist og uverkeleg at slikt kan skje i nabolaget, seier Gudrun Sjo som også bur nær avdøde. Ho skildrar naboen som ein hyggeleg kar, men at han heldt seg mykje innandørs.

handla noko særleg i dag. Dei kjem berre for å snakka om det som harskjedd, seier Agna Johansen på klebutikken Regnbuen på Halsnøy senter.
LENA VERMEDAL