Evalueringsrapporten viser at

  • over 90 prosent anbefalar samlivkurset til andre.
  • på ein skala frå 1-6 over kor fornøgde deltakarane var med kurset, låg hovedtyngda (71 prosent) på 5 og 6.

I Bergen har tjue par deltatt på til saman to kurs.

— Vi har berre fått gode tilbakemeldingar. Folk er kjempepositive, og mange meiner at kurset burde bli obligatorisk, fortel Anne Karin Eide på Engen helsestasjon.

I Meland har fire par så langt gått på «God start»-kurs.

— Det var ein bøyg å få mennene med i starten. Dei var litt reserverte, fortel helsesøster Gunnhild Brakstad i Meland.

— Men når ryktet hadde gått ei stund, vart interessa berre større og større. No har vi planar om eit kurs til.