— No blør jorda, sa biskop Ole D. Hagesæther, som grunngjeving for initiativet til møtet som i går kveld samla stappfull kantine i Bergen rådhus. Høgfartstog fengjer for tida.

Biskopen vedgjekk at han ikkje er god på politikk, men på basale verdival. Kan han gje næring til arbeidet med å redusera utsleppet av klimagassar, er han nøgd.

Motstand austpå

På Austlandet har ikkje tankane om høgfarts jernbane slått like godt an som her vest. Kanskje ikkje så rart, sidan det er austpå det meste av pengane no blir brukt. Med høgfartstog må dei dela med resten av landet, påpeika Øyvind Halleraker i Stortinget sin samferdsels- og transportkomite.

— Berre to prosent går for tida til banen mellom dei to største byane, sa leiaren i Forum Nye Bergensbanen, Bjørn Christensen.

— Motstandarane mot høgfartsbane finst på Austlandet. Dei må nedkjempast. Følg biskopen, sa SV-politikar Hallgeir Langeland

Statssekretær Steinulf Tungesvik kunne lova ei meir rettvis fordeling av jernbanepengane etter kvart som påbyrja prosjekt austpå blir ferdige.

Nye drivstoff

Han understreka at transport med tog og fly ikkje er dei største utfordringane i klimaspørsmålet. Det er langt verre med transporten som framleis må gå på veg. Der er utvikling av nye drivstoff eit stikkord.

På møtet i går presenterte Jørg Westermann Haukelibanen, Øyvind Halleraker og Jon Hamre greidde ut om Den sørnorske høgfartsringen. Begge partane heldt miljøfana høgare enn i tidlegare presentasjonar. Tidlegare Bergen-ordførar Ingmar Ljones presenterte sitt framlegg om å knyta saman Bergensbanen og Dovrebanen med ei ny høgfartsbane mellom Gol i Hallingdal og Sjoa i Gudbrandsdalen via Fagernes i Valdres. Det gir betre samband mellom Bergen og Trondheim også. Jørg Westermann fatta straks interesse for ideen.

Strakstiltak

Bjørn Christensen tala varmt for å rusta opp Bergensbanen medan utgreiingane om lyntog går vidare, i mange år. Jon Hamre åtvara mot å bygga Ringeriksbanen (Hønefoss - Sandvika) fordi lyntoget må innom Drammen, både etter det eine og det andre alternativet.

Utbetringar i vestre enden av Bergensbanen, prosjekt Nye Vossebanen, var det brei oppslutnad om.

Hallgeir Langeland måtte vedgå at han er veikare i barnetrua enn i trua på høgfartsbane. Han viste til Paulus med denne befalinga: - Gå ut og gjer alle folk til læresveinar for høgfartsbane.

— No var det vel Jesus som sa det, men det får so vera, kommenterte møteleiar Olav Kobbeltveit.

Sævig, Rune