• Det er ingen samanheng mellom dødfødselen ved sjukehuset i Lærdal og omlegginga frå fødeavdeling til fødestove.

TERJE ULVEDAL

Det meiner ei fagleg rådgjevingsgruppe som blei sett ned for å evaluere den sterkt omstridde omlegginga frå fødeavdeling til fødestove i Lærdal. Konklusjonen står i alle fall eit stykke på veg i strid med synspunkta Helsetilsynet har ført i marka. Dei har kritisert sjukehuset for at opplæringa av nye jordmødrer verkar mangelfull.

— Sjukehuset har ikkje forsikra seg om at alle kjende rutinane, meiner fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane.

Kritikk mot jordmødrer

Det var like før jul det blei kjent at Statens helsetilsyn meiner to jordmødrer handla uansvarleg, då eit barn i fjor vår døydde ved sjukehuset i Lærdal. Undervegs i fødselen dukka det opp faresignal som jordmødrene burde reagert på, men ikkje gjorde. Mellom anna var fostervatnet misfarga og fosterlyden dårleg. Barnet døydde like etter fødselen.

Fylkeslege Petter Øgar meiner jordmødrene skulle tilkalla legehjelp, då dei såg faresignala. Dei følgde ikkje rutinane som var bestemt, og det ser ikkje ut til at dei hadde fått nødvendig informasjon om gjeldande rutinar.

Fødestovemodellen i Lærdal inneber at dersom det er unormale signal før ein fødsel, skal kvinna sendast til eit sjukehus med fullt operativ fødeavdeling. Dersom noko unormalt oppstår undervegs i fødselen, skal gynekolog tilkallast.

Ingen årsaks-samanheng

Bente Øien Hauge, leiar i aksjonsgruppa Forsvar Lærdal Sjukehus, sa til Bergens Tidende etter at kritikken frå Helsetilsynet blei kjend, at det ville vere svært trist dersom det tragiske dødsfallet har samanheng med omlegginga til fødestove. Aksjonsgruppa gjekk sterkt mot å avvikle fødeavdelinga.

Den faglege rådgjevingsgruppa har vurdert alle fødslar som ikkje har vore «normale», etter at fødestova var i funksjon får midten av mars i fjor. Gruppa er sett saman av representantar frå Nasjonalt Råd for Fødselsomsorg, kommunelege, barnelege, jordmødrer og gynekologar for å kvalitetssikre og evaluere drifta av fødestova.

— Når det gjeld dødfødselen vurderer gruppa det slik at det ikkje var årsaks-samanheng mellom det tragiske utfallet av fødselen, og det forhold at fødselen gjekk føre seg ved ei fødestove, meiner gruppa.

Helsetilsynet sentralt skal no avgjere eventuelle reaksjonar mot dei to jordmødrene. Dei to er framleis i fullt arbeid.

Færre fødslar

I følgje rapporten frå rådgjevingsgruppa var det frå mars til september 2004 74 fødslar ved sjukehuset i Lærdal. Av desse var 65 normale. I tillegg til dødfødselen blei det ved fem fødslar brukt sugeklokke. Vidare var det utført eitt planlagt og to akutte keisarsnitt.

Gruppa meiner dei fem fødande som blei forløyste med sugeklokke kunne vore overflytta til Førde sentralsjukehus under fødselen utan risiko. Dei to som fekk utført akutt keisarsnitt, fekk relevant behandling.

Rapporten fortel også om at omlegginga til fødestove har ført til færre fødslar ved sjukehuset i Indre Sogn. Fleire mødrer vel å reise til sjukehus med fødeavdelingar. Då Lærdal-sjukehuset hadde eigen fødeavdeling, låg talet på fødslar kring 250 i året. Til september i fjor hadde 94 kvinner fødd på sjukehuset i Lærdal.