Fylkeskommunen bør flytta frå Bergen til Voss eller ein annan stad i distriktet. I bygningen som fylkeskommunen okkuperer i dag, bør det byggjast moderne studentbustader.

Dette hevdar viseformann i Bergen Unge Høyre, Sondre Rasch, i ei pressemelding.

Strippa for oppgåver

Han viser til at siktemålet med etable-ringa av fylkeskommunane i 1971 var å betra tenestetilbodet i fylket. Likevel vart fylkesadministrasjonen lagt til den byen i Hordaland som ikkje trong det – Bergen.

Sidan er fylkeskommunen fråteken neste alle sine opphavlege oppgåver. Berre administrasjon av vidaregåande skular står att av dei store oppgåvene.

Sløsing med plassen

Fylkesbygget er eitt av få høghus i Bergen. Det er ikkje noko arkitektonisk meisterverk, men funksjonelt og sentralt. Kutt i fylkeskommunen sine oppgåver gjer at dei ikkje treng alle etasjane.

– Når studentbustader er sårt tiltrengt, er det feil å sløsa bort store areal på eit byråkrati som burde vore lokalisert i distriktet, seier Rasch.

Han meiner at arbeidsplassane i det fylkeskommunale administrasjonen urettmessig er gitt til bybuarar. Det er kommunane utanfor Bergen som treng dei.