Rådet kjem frå Hilde Barstad, opphavleg frå Førde, men no byråd i Oslo kommune. Ho trur fylket må satse på ei sterkare sentrumsutvikling.

— Det er ikkje spesielt attraktivt å flytte til Leikanger, seier ho.

Leikanger blei i si tid sete for fylkesadministrasjonen fordi ein fylkesmann fekk lyst til å slå seg ned der. Seinare har flytting vore diskutert fleire gonger. Sist på slutten av 1980-talet. Då blei eit framlegg om å flytte den fylkeskommunale administrasjonen til Førde blei stemt ned i fylkestinget.

— Både kvinner og menn som tek utdanning ønskjer ein jobb der dei kan få bruke utdanninga og ha eit fagmiljø rundt seg, seier Oslo-byråden. Ho meiner det ikkje finst så mange plassar i fylket.

— Kan Sogn og Fjordane berre gje opp då?

— Sjølvsagt ikkje. Men det må satsast på å utvikle sentrumsfunksjonar. Når bygdeungdom går seks-sju år på universitet i ein storby, lærer dei å setje pris på byens gleder. Det vil dei også gjerne ha med seg, når tida kjem for å velje plass å slå seg ned.

— Men kva med gode og trygge oppvekstvilkår, oversiktlege forhold og anna i same gate som blir trekt fram som fylkets pre?

— Ja, om du har stifta familie og fått små ungar er det positivt. Men har du ikkje det, er det nødvendigvis ikkje så attraktivt.