• Høgre vil nå flytte Mattilsynet vekk frå Landbruksdepartementet og legge tilsynet under Helse- og omsorgsdepartementet.

Det seier stortingsrepresentant Torbjørn Hansen, (H) Hordaland, til Bergens Tidende. Han er medlem av Næringskomiteen på Stortinget.

— Næring mot helse

Han hevdar at organiseringa i dag inneber fare for at næringsmessige interesser kan få forrang framfor helsemessige vurderingar når det oppstår problem eller konflikt.

— Ei slik organisering vil kunne skape problem for verksemdene på kort sikt. Men det må vi akseptere. Dagens organisering kan skape ei uheldig rolleblanding. Det blir endå klarare når, som i dag, landbruksministeren kjem rett frå Bondelaget, seier Hansen.

Hansen får motbør frå to andre Hordalands-representantar på Stortinget: Ingebrigt Sørfonn (KrF) som også sit i Næringskomiteen, og Lars Sponheim (V) som var landbruks- og matminister i Bondevik II-regjeringa.

Får motbør

Både Sørfonn og Sponheim seier at Hansen og Høgre sitt utspel er altfor lettvint.

— Det er ikkje rett, reint faktisk, at Mattilsynet ligg under Landbruks- og matdepartementet. Styringa skjer gjennom eit samarbeid mellom dei tre matdepartementa: Helse- og omsorgsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, seier Sponheim.

Sponheim seier at ei direkte overføring av Mattilsynet til Helse- og omsorgsdepartementet, vil skape ei rekke problem og nokså sikkert føre til nye utfordringar og behov for auka bemanning. Mattilsynet har i dag ansvar for å føre oppsyn heile vegen frå levande liv til maten på bordet.

Diskusjon og tautrekking

Sørfonn seier at han sjølv reiste spørsmålet om kvar Mattilsynet bør plasserast då han deltok i ein TV-debatt i NRK i førre veke.

— Mitt syn er at vi nå må konsentrere oss om å finne smittekjelda. Deretter gjeld det å gjenopprette tilliten til Mattilsynet. Det er naturleg å oppsummere og vurdere røynslene denne saka har gjeve oss, når vi kan setje punktum for denne saka. Å kome med lettvinte og kjappe løysingar nå, medan saka rullar og går, har ingenting for seg. Tysdag vil Stortinget dessutan få ei orientering om saka frå landbruksministeren, seier Sørfonn.