Det er underdirektør Geir Ingebrethsen i Luftfartstilsynet som seier dette til Bergens Tidende.

Ingebrethsen er kjent med episoden måndag, då ei SAS Braathens maskin måtte bremsa og gå i stup under oppstiging frå flyplassen. Grunnen til det var at et lite fly på fotooppdrag kom litt for nær.

Også Havarikommisjonen for luftfart har fått melding om det som hende. Men Avinor har 72 timar på seg til å senda inn utførleg rapport.

- Først når vi har fått inn rapportane, kan vi gjera oss opp ei meining om alvoret i denne saka, seier seksjonssjef Birger Andreas Bull i Havarikommisjonen for luftfart til BT.

Geir Ingebrethsen legg vekt på at det såkalla TCAS (traffic collision avoiding system), systemet for å avverga kollisjonar, slo inn og fungerte, slik at faren vart avverga.