I tillegg til Sogn og Fjordane er det dei siste åra gjort omfattande kartlegging av fjellskredfaren i Møre og Romsdal og Troms.

— Så langt peikar det seg ut tre område der vi bør ha særleg beredskap. Ved sidan av Åkneset/Tafjorden på Sunnmøre, er det Aurland i Sogn og Kåfjord i Troms. Men fleire andre stader i dei tre fylka må utgreiast nærare, seier geolog Lars Harald Blikra ved Norges Geologiske undersøkelse (NGU).

Les også:

Hordaland på granskingslista

Stampa

Einaste staden i landet der det er sett i verk systematisk overvaking, er Åknesrenna og Hegguraksla — begge i Storfjorden på Sunnmøre.

— Så langt ser vi føre oss at det er behov for å ha overvaking av 10-15 fjellområde. Men vi skal også granske område i andre fylke.

Eitt av dei områda som no blir følgt nøye, er fjellpartiet Stampa mellom Aurlandsvangen og Flåm. Heile området i Aurland er større enn Åkneset, totalt kan det vere snakk om bortimot 120 millionar kubikkmeter.

— Den delen av fjellpartiet vi reknar som ustabilt, er likevel mindre enn Åkneset. Rørslene er også mindre, kring tre centimeter i året, seier Blikra.

I ein rapport som kom tidlegare i haust, er konklusjonen at elvar og vatn som trengjer inn i sprekker, fører til at delar av Stampa sig. Den geologiske undersøkinga konkluderer med at vasstrykket er heilt avgjerande for stabiliteten til bergmassane. I tørr tilstand er fjellet stabilt. Rørslene kjem med aukande vassmengder, t.d. i snøsmeltinga.

Les også: Det er ikkje eit spørsmål om denne fjellsida vil rase. Spørsmålet er når.

Legg vekk gondolplan

Eit tiltak for å hindre eit katastrofalt ras på austsida av Aurlandsfjorden, er difor å drenere vekk vatnet. Sidan det likevel må gjerast inngrep, er planen å føre vatnet i tunnel til Viddalsmagasinet og bruke det i kraftproduksjon. Vatnet frå rassikringa av Stampa er sentralt i planane energiprodusenten E-Co har lansert om ny kraftutbygging for tre milliardar kroner i Aurland.

Dei ustabile fjellpartia i Aurland har ført til at planen om ei gondolbane frå Flåm sentrum til fjelltoppen Furekamben på 920 meter er lagt på is.

Nasjonalt senter

Opplysningane om dei mange rasfarlege områda i rapportar har i fleire kommunar ført til krav om overvaking. Svært mykje tyder på at Beredskapssenteret som er bygt opp i Stranda for å overvake Åknesrenna i fjorden inn til Hellesylt og Geiranger og den rasfarlege Hegguraksla i Tafjorden, kan bli eit nasjonalt senter for overvaking av ustabile fjellparti. Med dagens satellitteknologi kan Beredskapssenteret overvake rasfarlege fjell over heile verda.

— Den operative overvakinga treng vi berre ha ein stad i landet. Men eg trur ikkje vi vil klare oss utan lokale beredskapsorganisasjonar i spesielt rasutsette område. Utstyr må vedlikehaldast, og folk vil i enkelte tilfelle måtte fysisk opp i fjellet for å sjekke, seier Blikra.