Det kom fram i eit formannskapsmøte der politikarane diskuterte om tettstaden i Sogn og Fjordane bør få bystatus, skriv Sogn Avis , som igjen er sitert av avisa Firda.

Lokalpolitikar Helge Torstad meiner det rett og slett er «flaut å kalle Sogndal ein by. »

— Det som ein konkretiserer Sogndal med, er at det er i bygd, sa KrF- politikaren Torstad.

- Ikkje ein by

Han får støtte frå SV-politikar Heidi- Kathrin Osland.

— Ein skal vere den ein er, det kjem ein lengst med. Kallar vi oss ein by, så kallar vi oss noko vi ikkje er.

- Lengre perspektiv

Ifølgje Sogn Avis og Firda er den einaste politikaren som kan tenkje seg bystatus, Karen Marie Hjelmeseter.

— Det er feil å ikkje ha med byambisjonar i eit lengre perspektiv, seier den tidlegare ordføraren som tidlegare har foreslått at bygda bør bli by.

Neste torsdag skal kommunestyret avgjere saka.

I morgon kan Sogndal sikre opprykk til eliteserien når dei møter Løv-Ham. Her kan du følgje kampen direkte.

Kva meiner du? Bør Sogndal bli by?