Sambuarane i huset vart varsla på arbeidsplassane sine og kom seg heim i ein fart.

— Då vi kom fram, stod flammene gjennom taket og brannvesenet var på plass, fortel den 31 år gamle huseigaren til bt.no.

Røykutviklingen slo raskt ut i flammer.

— Det kom melding om at taket var overtent. Men det var heldigvis ingen heime då brannen starta, seier operasjonsleder Jan Steimler i Hordaland politidistrikt.

Røykutvikling

Ein mann oppdaget røykutvikling i nabohuset i Tjosåsvegen i Øystese i dag.

Han gjekk for å sjå nærare og oppdaga at huset stod i brann. Han sleppte ut katten og hunden og ringde brannvesenet.

Brannvesenet fekk melding klokka 15.57.

Huslause

  • Kva var årsaka til brannen?

— Nei, det anar eg ikkje.

Huseigaren prisar brannvesenet og seier dei har gjort ein fantastisk jobb.

Han og den 30 år gamle sambuaren har budd i huset i sju år. No flytter dei inn hos foreldra ei stund.

— Det er ein del materielle skader, men det er ingen personskader etter brannen, seier Steimler til bt.no.