— Når ein ser korleis parasitten i andre regionar har blitt spreidd til stadig nye vassdrag, er det nesten utruleg at gyrodactylus salaris ikkje er påvist i andre lakseførande elvar i Indre Sogn, skriv Mattilsynet i eit brev der dei varslar det kommande vedtaket om kjemisk behandling av Lærdalselvi.

Hausten 2003 blei det påvist gyro på ein fisk som blei funnen daud i osen til Sogndalselvi. Funnet gjorde at nedste laksetrappa blei stengd, og det blei teke omfattande prøver i vassdraget eit halvt års tid etterpå. Men parasitten blei aldri påvist på andre fiskar, og funnet av den infiserte fisken står fram som ei stor gåte.

Det er først og fremst faren for spreiing til andre vassdrag som gjer at Mattilsynet no har bestemt seg for å prøve ein ny behandlingsrunde i Lærdal.