— Vi har eit stort prosjekt på kontroll av denne typen reiser.

Det opplyser direktøren for Oslo likningskontor, Jan Egil Kristiansen, til Bergens Tidende.

— Dette er eit stort problem. Det er i mange tilfelle snakk om store beløp som er unndrege skatt. I mange tilfelle er det snakk om det vi kallar «smørereiser», gratisreiser betalt av leverandørar eller kundar, seier Kristiansen.

Han nemner reiser til Sydney-OL i 2000 som døme. Her var verdien av reisene i mange tilfelle rundt 70.000 kroner.

— Fordel vunne ved arbeid er skattepliktig som inntekt. Det gjeld anten fordelen er ytt av arbeidsgjevar eller av leverandør eller kunde, påpeikar Kristiansen.

Han opplyser at reaksjonane i dei sakene likningskontoret avdekkjer, er avhengig av kor grove overtredingane er, kor store beløp det er snakk om.

— Når vi kjem over slike saker, får arbeidsgjevar krav om innbetaling av arbeidsgjevaravgift. Så kan vi i tillegg ilegge frå 30 og inntil 60 prosent tilleggsavgift.

For arbeidstakaren kjem krav om inntektsskatt. På toppen kjem straffeskatt på 30, 45 eller 60 prosent. Dersom beløpet som er unndrege i skatt går opp i 20.000 kroner blir det regelmessig nytta ein sats på 60 prosent straffeskatt, opplyser Kristiansen.