• Vi var nøydde til å heve prisane. Elles måtte vi fjerna heile tilbodet, seier ordførar Trude Brosvik.

Gulen-ordføraren forklarar den kraftige auken i foreldrebetalinga på SFO som ein konsekvens av den elendige kommuneøkonomien. Gulen kommune har ikkje råd til å subsidiere drifta av SFO.

— Statstilskot og foreldrebetaling skulle i utgangspunktet dekke SFO-tilbodet. Hittil har det skjedd gjennom øyremerka midlar frå staten. Men no har dette gått inn i ramma vi får, og vi finn rett og slett ikkje att desse pengane, seier Brosvik.

— Meiner du at kommunen ikkje har fått dei?

— Dette skulle gått på den delen av rammeløyvingane som er for barn frå seks til 12 år. Og vi kan ikkje sjå at vi har fått den auken vi skulle hatt. Eg fryktar dette er ein ny konsekvens av at inntektssystemet til kommunane blir lagt om, og at små kommunar taper i forhold til dei meir folkerike.

Til Bergens Tidende seier Brosvik at kommunen arbeider for å oppretthalde SFO-tilbodet i alle skulekrinsane. Ordføraren stadfestar at det er foreldre som har tatt ungar ut av SFO etter at prisauken blei vedteken, men seier at også andre har komme til.

— Så langt er det ikkje noko som tilseier at fråfallet er så stort at vi må avvikle ordninga.

— SFO er ei teneste som skal drivast til sjølvkost. Det er ikkje slik at Gulen no tener på barnefamiliane som nyttar SFO?

— Nei, det er det ikkje. Eg skulle gjerne sett at vi hadde greidd å gje barnefamiliane eit rimelegare tilbod. Men så lenge Gulen kommune ikkje har pengar til nødvendig drift av kommunen, kan vi ikkje subsidiere denne gruppa.