– Snittalderen på flåten er i overkant av 20 år. Det som trekkjer opp er at reserve— og suppleringsferjene også er rekna med. Hovudferjene er stort sett langt yngre, seier statssekretær Hege Solbakken i Samferdsledepartementet.

Ho meiner reiarlaga har ansvaret for gamle ferjer på enkelte strekningar.

– Reiarlaga avgjer sjølve kva slag materiell dei brukar, så lenge sertifikata er i orden og fartøya er godkjende.

– Men så lenge reiarlaga må konkurrere på pris, vil dei jo bruke gamle og billegare ferjer?

– Det er ein konsekvens av systemet med anbodsutsetjing, som den førre regjeringa gjekk inn for, og som er ført vidare no.

– Kvifor legg de ikkje inn krav om nyare materiell i anbodsspesifikasjonane?

– Vi er opne for å vurdere endringar i retningslinene for å betre systemet, sjølv om vi ikkje har konkrete planar om revidering no, seier Solbakken.

Skuldar på staten

Konsernsjef Bjørn Ove Børnes i Tide meiner staten har ansvaret for at prisen blir avgjerande.

– Om vi hadde tilbydd nye ferjer, så ville vi ikkje vunne anbodet. Dette avgjer kjøparane. Om dei ønskjer nyare materiell, så har ikkje vi noko imot det, seier Børnes.

Han forstår at folk er misnøgde med enkelte av dei eldste ferjene.

– Dei er godkjende slik dei skal, og er absolutt ikkje nokon sikkerheitsrisiko. Men eg forstår at folk kunne tenkje seg både nyare ferjer, bussar og båtar, seier Børnes.

– Utsleppa må vurderast

Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund, meiner utsleppa frå ferjene bør vere eit viktig poeng i anbodstevlinga.

– Det er ikkje alltid bra å skifte til nye ferjer med større motorkraft og høgare drivstofforbruk. Men om ein ikkje aukar motorkrafta, kan det vere ein del utslepp å spare på å bytte til nyare fartøy, seier Haltbrekken.