• Ein fellande dom vil verta ein nedtur for alle oss involverte, sa faren til den omkomne Anette B. Mosdal (18) då straffesaka mot bilføraren opna i Voss tingrett i går.

To familiar slo ring om 23-åringen på tiltalebenken ved å vera til stade. Politimannen Magnar Mosdal frå Tyssedal, far til jenta som omkom i bilulykka ved Flatlandsmo camping 20. februar i fjor, appellerte sterkt til retten om å visa menneskelege omsyn. Mor til Anette og dei to brørne hennar fylgde saka frå tilhøyrarplass, saman med foreldra og systra til bilføraren.

— Kan ikkje bla forbi

Med lommeduken i beredskap høyrde dei korleis ein bilførar som kom til rett etter ulykka, hjelpte dei alvorleg skadde i bilen. Han greidde å sikra frie luftvegar ved å fjerna ein tyggis. Livet til Anette stod likevel ikkje til å redda, og kjærasten ved rattet låg tre dagar i koma på Haukeland, og fleire veker er fjerna frå minnet.

— Vi har grudd oss veldig til rettssaka, men er glade for at vi er til stade, fekk fylja med og ikkje må høyra om detaljane frå andre, seier tiltalte sine foreldre til Bergens Tidende.

— Vanlegvis les du om slikt i avisene, uffar deg, og blar vidare. Slikt hender andre. Men denne saka har vi ikkje kunna bla forbi. Ho har prega oss sidan det hende, seier dei.

Politiførstebetjent Magnar Mosdal sa i retten at han trudde ulykka skuldast eit hendeleg uhell, ein umedviten aktlaus augneblink, kanskje eit forelska blikk. Kven har ikkje opplevd slik umedviten form for aktløyse under bilkøyring? spurde han.

Likskap for lova

Det er langt derifrå til straffbart aktlaus køyring, som 23-åringen er tiltalt for. Mosdal viste til ei liknande sak i Nittedal. Der er saka lagt bort av omsyn til bilføraren (18) sjølv om kameraten omkom.

— Det må ikkje vera slik at tiltalespørsmålet skal vera avhengig av kvar du bur i landet, at det skal takast mindre menneskelege omsyn på Vestlandet, sa Mosdal.

— Samfunnet tek dette ut av hendene på oss som er involvert, og prøver å koma vidare i livet, sa Mosdal, og hevda at samfunnet ikkje kan ha trong for å straffa ein som har lidd meir enn nok.

Aktor, politiadvokat Magne Kvamme Sylta, poengterte at Mosdal har lang røynsle som politimann.

— Ville du ha meint det same dersom den omkomne ikkje var dottera di? spurte Sylta.

— Ja, så lenge alle dei involverte er samde, meiner eg det same. Men at Anette var dottera mi, gjer kjenslene så mykje sterkare, svara Mosdal.

Vekslande føre

I tillegg til aktlaus køyring, er 23-åringen tiltala for å ha køyrt med sommardekk på høgre bakhjulet. Bilsakkunnig rapport konkluderer med at dette mest truleg er årsak til at bilen miste veggrepet, kanskje etter ein førarfeil. Personbilen kom sidelengs over i motsett køyrebane og støytte saman med ein lastebil.

23-åringen sa seg delvis skuldig i dette tiltalepunktet. Vitneføringa klarla at reservehjulet med sommardekk vart sett på etter ei punktering 1-2 veker før ulykka, men vart ståande på bilen fordi det var mildvêr.

Glatt føre kan bli eit tema i prosedyrane i dag. Alt tyder på at vegen var salta frå Voss til Dalsleitet og i Skjervet-svingane, men ikkje på ulykkesstrekninga som ligg mellom. Spørmålet kan bli kor aktlaust det er å ikkje oppdaga brå skifte i køyretilhøva. Ein yrkessjåfør sa at han etter lang røysle hadde lært seg å ta høgde for slikt. - Ein eller annan stad blir det tomt for salt på saltebilen, og då må saltinga avsluttast, så det kan etterfyllast med salt, poengterte han.

Saka vert teke opp til doms i dag, etter dokumentasjonar og prosedyrar.

FAR TIL JENTA: Politimannen Magnar Mosdal frå Tyssedal, far til jenta som omkom i bilulykka ved Flatlandsmo camping 20. februar i fjor.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ