Vi møter Lyder Eide i bustaden til ei venninne på Manger. Han bur her mellombels i påvente av at det offentlege skal skaffe han eige husvære. Han har venta i to år.

Til Bergens Tidende fortel han om mobbing, sjølvmordsforsøk, depresjonar, sterke medisinar og mindreverdskjensle. Han meiner problema skriv seg tilbake til oppveksten og åra ved Eikelund offentlege skole på Paradis.

— Eg hadde ein forferdeleg tøff oppvekst. Foreldra mine vart skilde, og far min var alkoholikar.

- Feilplassert

Eide meiner seg feilplassert på Eikelund. I ein psykolograpport frå 1995 får han støtte i synet sitt. Psykologen meiner dysleksi, eller ordblindheit, i kombinasjon med understimulering, trulege er årsaker til at Eide vart stempla som evneveik og send på spesialskule.

Psykologen meiner at kjenslemessige vanskar har vore utslagsgivande for intelligenstestane som konkluderte med at han var på grensa mellom sinke og evneveik. Den intellektuelle kapasiteten hans låg innanfor normalområdet, og med fornuftig behandling kunne han nådd lenger innan utdanning og arbeidsliv, konkluderer psykologen.

I vaksen alder har han klart å ta sertifikat.

Då han vart plassert ved Eikelund, tok skulepsykologisk kontor atterhald om at det var for eitt år, og at han i løpet av dette året måtte få grundig psykologisk oppfølging.

Men den psykologiske oppfølginga såg han aldri noko til. Lyder Eide budde på skulen. Han hevdar at han ikkje fekk kome heim før etter to-tre år. Skuletida gjekk med til hagearbeid heller enn opplæring. Og omsorg var det lite av, ifølgje han sjølv.

I 1995 gjekk han saman med tre andre tidlegare Eikelund-elevar og søkte om 250.000 kroner i erstatning frå staten. Berre ein av dei fekk erstatning, 50.000 kroner. No augnar han nytt håp i og med at Befringutvalet skal greie ut omsorgssvikt og overgrep i institusjonar for barn frå 1945 til 1980.

HARDT LIV: Livet har vore hardt for Lyder Eide (45). Dårleg økonomi og svak psykisk helse er konsekvensane han kjenner på kroppen i dag. Sidan 1983 har han motteke uføretrygd.<p/>FOTO: KNUT STRAND