Ho fortel til Bergens Tidende at ho er svært vonbroten over at barne— og familieministeren har bestemt seg for å organisera barnevernet etter same modellen som dei fem regionale helseforetaka.

Dermed vert barnevernet teke ut or fylkeskommunen og dei folkevalde sine hender. Sjølv om statsråd Laila Dåvøy legg vekt på at kommunane si rolle skal styrkjast, er Selsvold Nyborg likevel ottesam for at nærleiken til brukarane vert dårlegare, samanlikna med i dag.

Styrt frå Stavanger

— Dei som i dag lyt ha hjelp hjå barnevernet, vert stort sett tekne hand om der dei bur. Avstanden til dei som heretter skal ta viktige avgjerder vert monaleg lengre. Eg ser det t.d. som uheldig at ein eller annan byråkrat heilt sør i Stavanger skal sitja og bestemma over lagnaden til folk her i Hordaland, seier ho.

Selsvold Nyborg minner om at kommunane sjølv hadde ansvaret for barnevernet til fylkeskommunen overtok i 1980. Etter hennar vurdering har fylkeskommunen bygt opp eit profesjonelt apparat med gode tilbod.

Fylkesvaraordføraren, som og er leiar i Hordaland KrF, er derfor forundra over at det er frå ei av sine eigne denne omorganiseringa vert sett i verk:

- Ikkje KrF-politikk!

— Nei, det er ikkje til å tru at dette skal koma frå ein KrF-statsråd, for dette er slett ikkje KrF-politikk! Sjølv om Laila Dåvøy støttar seg til høyringane som i stort fleirtal har rådd til at staten overtek ansvaret, burde ho ha teke seg meir tid i denne saka, meiner ho.

Barne- og familieminister Laila Dåvøy vil i haust leggja fram ein proposisjon om denne omorganiseringa som byggjer på tilrådingane frå Befring-utvalet i 2000. 5136 norske barn var då under omsorg, 80 prosent av dei var i fosterheimar.

Dåvøy har i grunngjevinga for omorganiseringa lagt vekt på at fylka ikkje har greidd å skaffa nok institusjonar, og mange må derfor reisa langt for å få plass på institusjon. Av den grunn er og mange dyre, private institusjonar skipa.

Etter hennar skjøn vert det betre utnytting av ressursane og administrativ rasjonalisering når staten overtek oppgåvene frå fylkeskommunen.