Arbeidarpartiet sine listetoppar i Hordaland, Olav Akselsen og Anne-Grete Strøm-Erichsen, slår hardt attende mot Venstre-leiaren.

Etter at Arbeidarpartiets sine talskvinner i samferdselssaker, Sigrun Eng og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, onsdag varsla at Ap ville røysta for Hardangerbrua i Stortinget i haust, kom det svar frå Lars Sponheim i går.

- Ikkje tru på Ap. Dei lova ja til brua i 1996 og, men røysta då nesten samla mot, sa Sponheim til Bergens Tidende. Sponheim sjølv røysta ja i 1996. Men same kva han svarar no, er det umogleg å tolka om han meiner ja eller nei til Hardangerbrua.

Avklara i alle ledd

Men Olav Akselsen meiner å ha avslørt bonden frå Ulvik.

- Lars Sponheim burde rydda opp i eigen leir. Han har ingen grunn til å slå seg sjølv for brystet. Han er mot Hardangerbrua, og regjeringa har ikkje gjort noko anna enn å trenera saka. For Arbeidarpartiet sin del er saka avklara i alle ledd. Når Starrfelt uttalar seg om Hardangerbrua, så uttalar ho seg på vegner av Arbeidarpartiet, seier Olav Akselsen.

- Eg må berre få minna om at Hardangerbrua ikkje var nemnt med eitt einaste ord i forslaget til Nasjonal Transportplan som Bondevik-regjeringa la fram. Når brua likevel fekk ein plass i planen, var det fordi Arbeidarpartiet på Stortinget stod hardt på for brua, seier nr. 2 på Hordalands-lista, Anne-Grete Strøm-Erichsen.

- I 1996 var det tre store riksvegprosjekt som stod side om side; Trekantsambandet, Folgefonntunnelen og Hardangerbrua. Og det trur eg var ein viktig grunn til at Hardangerbrua fekk nei den gongen, seier ho.

Tautrekking med SV

Så er spørsmålet: Kva kan Ap sitt ja til Hardangerbrua få å seia for eit mogleg regjeringssamarbeid med SV, som er beint i mot?

- Arbeidarparpartiet sitt ja-standpunkt endrar ikkje vårt nei-standpunkt. Min viktigaste grunn til å seia nei, er at bygging av brua er feil bruk av ressursar, seier SVs Audun Lysbakken til BT. - Eg vil ikkje seia noko om kva rolle Hardangerbrua vil spela for moglege tingingar om regjeringssamarbeid. Det vert sjølvsagt ei tautrekking, der båe partar må gje og ta. Men på førehand har vi berre stilt eitt ultimatum til Arbeidarpartiet, og det gjeld EU, legg Lysbakken til.