I går fortalde ho retten om mennesket Hedda Karterudseter, sorga og korleis Heddas familie og nærmiljø i Seljord har reagert på drapet.

— Eg var fascinert av Hedda. Ho var ei stillferdig og lyttande jente. Eg har sett ho som ei gladjente, men også i tyngre stunder, sa legen, som sjølv har ei dotter som var veninne med Hedda.

— Hedda fekk vanskar i tenåra, ho hadde høge toppar og djupe dalar. Men ho var tapper, og fullførte skulen på ein måte som vitna om stort pågangsmot.

Som lege og ven av familien syntest Svendsen det var fint at Hedda skulle reise til Sogndal på folkehøgskule, og hadde inntrykk at ho treivst godt der.

Ho er spesielt lei seg for kva ei slik sak gjer med ettermælet til eit ungt menneske.

— Alle ungdommar har også eit liv som dei skal få ha i fred for foreldre og offentlegheit, ting som er deira eige og som ikkje skal komme ut. Det blir noko uverdig i dette, når alle får dette innsynet i ei slik sak, sa ho.

Legen fortalde blant anna at Heddas mor ikkje har klart å arbeide etter det som skjedde, og at den vesle heimbygda var i sjokk og sorg.

— Gjennom ei slik sak får vi kvesst overlevingsevna vår på ein bestemt måte. Dei som sit igjen blir dømt til ei livsvarig sorg.