— Det har vore gitt klar beskjed frå sentralt hald om at vi skal «vere snille» og sleppe elevane igjennom på eksamen. Argumentet har vore at elevane jo ikkje er dummare enn før, seier Asle Nævdal, hovudtillitsvald for lærarar i den vidaregåande skulen i Utdanningsforbundet i Hordaland.

Han har mottatt fleire rapportar frå lærarar som av denne grunnen har følt det ubehageleg å vere sensor. Presset har kome til uttrykk på dei felles sensormøta, der sensorane ved skriftleg eksamen møtest for å fastsetje karakterane.

— På desse møta deltek ein representant for det statlege Læringssenteret. Dei går igjennom oppgåvene i plenum først. På desse møta har mange følt at det har vore utøvd press frå Læringssenteret for at sensorane ikkje skal vere for strenge, seier Nævdal. Han er ikkje i tvil om at det er langt lettare å få karakteren 5 på skriftleg eksamen i dag enn det var for ti år sidan.

— Dette gjeld i alle fag, seier Nævdal.

- Har hendt gong på gong

Han får støtte frå lektor og tidlegare fysikksensor Kåre Bjørndal ved Fyllingsdalen videregående skole. Han har fleire gonger fått instruks om å senke krava til svara.

— Det er problematisk å trikse og mikse med karakterane. Det har hendt gong på gong at vi har måtta justere dei. Dersom mange elevar har gjort feil på ei oppgåve, kan vi få beskjed om å gje poeng også for svar som er feil, seier Bjørndal.

Ein av kollegane hans, Tor Hammer, opplevde nettopp dette då han var matematikksensor i perioden 1994-1998. Han valde å ignorere pålegget.

— Men då vart jo sensuren ulik for elevane?

— Ja, nokre av sensorane heldt seg til pålegget. Andre gjorde det ikkje. Klart det får konsekvensar for elevane, seier Hammer.

- Kjernen kan ha endra seg

Læringssenteret avviser heilt påstandane om at dei ber sensorane fire på krava for å få ein pen karakterstatistikk.

— Dersom to sensorar i utgangspunktet er samde om ein karakter, vil dei ikkje endre denne på grunn av noko som er sagt av våre folk. Men vi presiserer at dersom det er tvil om karakteren til ein kandidat, skal beste karakter veljast, seier avdelingsdirektør Arild Thorbjørnsen i Læringssenteret.

Dersom det faglege nivået går ned, skal dette vise igjen på karakterstatistikken, presiserer Thorbjørnsen. Dei siste åra har statistikken vore ganske stabil.

— Mange seier at matematikk-kunnskapane er langt dårlegare no enn berre for ti år sidan. Korleis forklarer du det?

— Kjernen i eit fag treng ikkje vere den same i dag som for ti år sidan. Kanskje er det enkelte ting elevane i dag ikkje kan, medan dei har lært meir om andre sider ved faget som ikkje var vektlagt tidlegare, seier Thorbjørnsen.