Arbeidet i Vaskerelven snik seg framover. Det har no halde på i snart sju månader. Næringslivet i gata er lei for lenge sidan, og meiner kommunen må bli ferdig snart.

— Det verste er at det tar så lang tid. Vi tapar fleire hundre tusen i omsetning kvar månad, seier Per Trygve Bolstad, dagleg leiar på BOHA.

BOHA har ikkje lyst til å bli assosiert med det som går føre seg på utsida av vindauget og stenger difor restauranten i heile juli. Då skal dei pusse opp lokala, noko dei eigentleg ikkje hadde tenkt å gjere før neste år.

Hol i gata og open kloakk

I påvente av ei flott og ny gate, skjermar arbeidsmaskiner og høge gjerder utsikta frå restauranten. Kloakklukta kan vere plagsam nok, men Bolstad kan ikkje forstå at det skal ta så lang tid å fikse gata.

— Det kan vere stor aktivitet i to-tre dagar, så skjer det plutseleg ingenting igjen, fortel Bolstad oppgitt.

Overingeniør ved vegetaten i Bergen kommune, Arne Jensen, seier at noko arbeid er mindre synleg enn anna. Det er årsaka til at publikum føler at det ikkje er framdrift, seier han.

— Arbeidet går i fasar. Maskiner er veldig synleg for folk, men mykje skjer under bakken og på andre stader, legg han til.

Mange a-ha-røyr

Grunnen til at det tar så lang tid, er at kommunen lagar ein tunnel under gata, der alle røyr og leidningar for vatn, avløp, fjernvarme, straum- og telekablar skal ligge. I framtida skal ein kunne gå ned i tunnelen og reparere utan å grave opp gata.

— Vi må bore oss gjennom veggene i alle husa for å kople på røyr. Mange av desse er hundre år gamle, og vi får nye a-ha-opplevingar kvar dag, forklarar Bjørn Erling Rivenes, anleggsleiar for Bydrift Bergen KF.

Montering av røyr blir gjort andre plassar, derfor kan det sjå ut som lite arbeid blir gjort.

— Vi har arbeidd kontinuerleg i sju månader, seier Rivenes.

Det blir grave i fleire andre gater i byen. Men å gjere seg ferdig med ei gate først, for så å ta neste etterpå, er ikkje så enkelt.

— Dette er ein kabal vi legg saman med Statens Vegvesen og Brannvesenet. Eg forstår at det kan vere frustrerande, men erfaringa viser at når resultatet er klart er alle fornøgde, seier overingeniør Jensen.

Flott når det blir ferdig

Fleire av dei næringsdrivande i Vaskerelven som Bergens Tidende har snakka med slit med færre kundar og lågare omsetjing. Ei forretning hevdar å ha opptil 90 prosent inntektssvikt. Andre har ikkje merka så mykje nedgang som dei kanskje hadde frykta. Det er veldig avhengig av kor mange faste kundar ein har.

Berit Thorkildsen i Undertøyspesialisten Netty har ikkje vore like hardt ramma som andre, men siterer kundar som kjem inn og utbryt «Gud, får dåkkar kundar her»? Ho er glad for at kundane i det heile tatt kjem, og gler seg til det heile etter planen er ferdig i mars 2007.

MINDRE DROP-IN:Babylon Frisør harfått 30 prosentmindre omsetning.¿ Eg håpar dei blirferdig så fort sområd, dei øydeleggfor oss, seier eigarAbdul Hasan.
RUNE BERENTSEN
KUNDANEKOMMENTERER:Ernst Frisør harheldigvis mangefaste kundar.¿ Hadde dei ikkjevisst om oss, haddedei aldri kome hit,seier dagleg leiarTherese Nilssen Wiik.
RUNE BERENTSEN
STENGER RESTAURANTEN: Dagleg leiar på BOHA Per Trygve Bolstad nyttar høvettil å pusse opp. - Vi vil ikkje assosiere oss med det som skjer i gata, seier han.
RUNE BERENTSEN