ARNE HOFSETH (tekst og foto)

— Et auga først, var smalahovekongen Ivar L. Løne sitt velmeinte råd overfor dei som ikkje likar at sauen ligg og glor på deg under heile måltidet.

Nam-nam

Dessutan skal den feitaste maten alltid etast først, medan han er varm.

— Smalahove er det beste du kan få, så lenge du har kleda på, hevda kveldens konferansier, Kjell Fuglehaug.

Han avsanna alle rykte om forsking på ny sauerase, med hovud i begge endar.

I Smalahovetunet på Løne ligg det i haust an til sviing, kløyving, vasking, salting og røyking av 50.000 hovud frå ganske nøyaktig like mange lam. Det gir 100.000 porsjonar middagsmat. Berre kappetarane legg i seg meir.

Rask servering

Det årvisse Smalahovetreffet på Voss har frå første stund halde fokus på at maten skal setjast glovarm på bordet, uansett kor mange som sit til bords under teltduken. Halvkald mat er pyton. Det gjeld ikkje minst smalahove, poteter og kålrabistappe. Med passeleg slomsete tidtaking, hevdar dei å ha sett ny verdsrekord i smalahoveservering kvart år. No har dei rutine til å servera 600 glovarme smalahove på under ni minutt. Frå det første er fiska opp frå den spesiallaga kjempekjelen, til det siste er kome på tallerken framfor gjesten.

Under fredagens bordsete med vel 150 til bords, tok butikkeigarane på Vangen serveringsjobben sjølve. I det tettpakka teltet i går kveld, var sprekingar frå Idrettslaget Ørnar innleigd i tillegg.

Stor oppslutnad

Smalahovetreff ved innleiinga til haustferien gav stor tilstrøyming til Vangen på dagtid i går. Torghandlarane møtte mannsterke og fekk selskap av lokale kjøpmenn som flytta ein del av handelen ut på Torget og i den delen av Vangsgata som er ferdig ombygt til miljøgate.

Den avsluttande smalahovefesten var framleis i sving då Bergens Tidende gjekk i trykken i natt, med hæla i telttaket og dans til det lokale bandet Wannabees.