• Dette er eit tilbod til våre gjester. Vi er ikkje ute etter å skvise nokon.

Dagleg leiar Birgitta Sandström ved Fretheim Hotel i Flåm presiserer at hotellet berre disponerer ein del av elva. Lenger oppe og nede er det mogeleg å leige via andre elveeigarar.

— Vi eig sjølv rettar i elva, og har i tillegg inngått avtale for 2008 med to andre elveeigarar, fortel Sandström.

— Vi er ikkje ute etter å skvise ut nokon.

Sandström fortel at elvefisket er ein historisk viktig del av hotellets tilbod. Det var tilreisande sportsfiskarar som på midten av 1800-talet la heile grunnlaget for Fretheim Hotel.

— Det var slik det starta. I 1870 såg bonden at han trong å byggje ein villa for å skaffe gjestene husrom, og dette vart etter kvart utvida til eit hotell.

Men også i dag er fiskeentusiastane ein kommersielt viktig del av hotellets tilbod.

— Det er viktig for oss å tilby ulike aktivitetar i tillegg til rein hotelldrift. Våre gjester kjem for å oppleve noko, ikkje berre bu og ete, seier ho.

Ifølgje Sandström er ikkje tilbodet anno 2008 berre for rike lakselordar.

— Det er ikkje berre for dei mest velståande. Men når fiskeentusiastane først er her, så brukar dei ein del pengar, seier ho. Ho vurderer fordelinga mellom norske og utanlandske gjester til 50-50.

Dyraste pakken for gjestene er fritt bruk av elva i sju dagar for 139.855 kroner, inkludert hotell, måltid og guide.

— Har de selt noko av dette produktet?

— Ikkje til ein einskild person, men til grupper. Kommande sesong har vi eksempelvis ei gruppe på seks som kjem.

— Er dette firma eller privatfolk?

— Det er private.

Fiskeveka for seks kostar 38.985 kroner pr. person, totalt 233.910 kroner.