39 12-åringar på Tysnes får frå hausten inntil ein time reise til skulen i Våge. Med knappast mogleg margin vedtok kommunestyret i februar å flytta barna frå grendeskulane til den kombinerte barne— og ungdomsskulen. Så mange elevar er ikkje skulen godkjent for, meiner FAU.

— Kommunestyret må først godkjenna skulen, så kan dei flytta elevane. Me krev at det blir gjort eit nytt lovleg vedtak med alle kort og kostnader på bordet, seier Øystein Flakke i Foreldreutvalet ved Lunde skule.

- Førd bak lyset

Foreldreutvala ved dei fem barneskulane på øya kjempar no med nebb og klør for å få saka om elevflytting opp att. Dei meiner lokalpolitikarane blei lurt.

— Det mangla opplysningar i saka og slik sett har rådmannen ført kommunepolitikarane bak lyset, seier Flakke.

Han peikar på at utviding av ein skule må godkjennast ifølgje forskrift om miljøretta helsevern.

— Det handlar om å ha nok areal både ute og inne og rein luft. Klasseromma er for små og innelufta for dårleg.

Eirik Helgesen, leiar i Framstegspartiet på Tysnes, er ein av politikarane som føler seg lurt.

— Eg sit no og skriv brev til fylkesmannen for å få han til å vurdera om vedtaket er lovleg. Me meiner at det blei fatta på feil grunnlag, sidan me ikkje visste at skulen måtte godkjennast først, seier Helgesen til Bergens Tidende.

Flyttinga skal spara kommunen for nær 700.000 kroner i året. Helgesen meiner vinninga går opp i spinninga dersom ei ny godkjenning kan føra til auka utgifter til ventilasjon og klasserom.

Mangla godkjenning

Skulesjef Nils Magne Singelstad stadfestar at det ikkje fanst godkjenning for å auka elevtalet, då politikarane vedtok flyttinga i februar. I all hast har dei no søkt om ei slik og framskunda arbeidet med nytt ventilasjonsanlegg.

— Det låg ikkje føre ei godkjenning for 2005, men me oppfatta ikkje dette som ei så radikal endring. Det har vore mange fleire elevar på skulen tidlegare år, seier Singelstad.

— Har de gjort noko ulovleg?

— Dersom me hadde meint det, ville me ikkje gjort det, men det får andre vurdera, seier Singelstad.