• Me har gått frå ein kunnskapsskule til å verta ein koseskule. Elevane har aldri vore meir giddalause enn dei er i dag.

Det hevdar fylkesleiar Svein Einar Bolstad (59) i Norsk Lektorlag i Hordaland.

Bolstad, som er lektor i tysk og engelsk på Sotra vidaregåande, meiner det vert stilt for få krav.

— Generelt sett så slepp så godt som alle gjennom nålauga, utan anna innsats enn å møta fram til prøvar og eksamenar. Dette er ei erfaring som både eg og mange kolleger har.

Ukultur

Utspelet frå Bolstad kjem i kjølvatnet av BT sin omtale av den høge strykprosenten på teorien til førarprøva ved Bergen trafikkstasjon.

Trafikkstasjonen teikna eit bilete av kandidatar som gav blaffen i å pugga stoffet, men som i staden prøver og feilar heilt til dei består.

— Dette er ein ukultur som også har fått feste i skulen. Elevane gidd ikkje gjera lekser lenger, seier lektoren som er leiar for rundt 180 lektorar i Hordaland.

Opptakskontoret ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Bergen delar ikkje Bolstad sitt syn.

— Opptakskrava våre er svært høge, både på den ordinære kvoten og for primærvitnemålkvoten. Studentane som får plass, er av den kunnskapsrike sorten, får BT opplyst.

Løftar elevane fram

Bolstad meiner problemet er at skulane justerer ned karakterkrava og løftar elevane fram til vitnemålet, sjølv om dei i realiteten ikkje er fagleg kvalifiserte for høgskuleutdanning. På denne måten unngår skulen dei dårlegaste karakterane, og dermed også ryktet som ein dårleg læringsstad.

— Lærarane ønskjer nok inst inne å setja krav. Men dersom dei krev for mykje, hamnar dei fort i trøbbel. Rektor lurer på kvifor så mange elevar stryk, og kommanderer læraren til å leggja undervisninga betre til rette. For å unngå dette, vel lærarane å seinka lista.

For skulestyresmaktene ser det ut til at karakternivået er stabilt.

— Men ein 4-ar i karakterboka i dag er ikkje like sterk som den var for nokre år sidan. Elevane vert dermed offer for systemet dei veks opp i og for skulepolitikken som er ført dei siste tiåra, understrekar Svein Einar Bolstad.

- Ikkje late

Fylkesleiar Alexander Lambrechts Solberg for Elevorganisasjonen i Hordaland er oppgitt over at Bolstad stemplar medlemmene hans som late og giddalause.

— Slappe og late er me i alle fall ikkje. Det er heilt umogeleg å cruisa gjennom tre år med vidaregåande utdanning utan innsats, seier han.

Når det gjeld motivasjon, peikar han på den viktige rolla som læraren har.

— Opplæringa må tilpassast slik at alle får dei utfordringane og oppgåvene som er tilpassa den enkelte sitt nivå. Dette er vanskeleg å etterleva, noko som av og til kan gå utover motivasjonen, trur Lambrechts Solberg.

Bergens Tidende