– Vi passerte 1000 deltakarar i 2006. I fjor hadde vi nesten 1800 deltakarar og i år er vi oppe i nesten 3000 påmelde, seier Morvik, leiar i Bergen Cykleklubb.

Datoen for det stadig meir populære rittet er 6. juni.

– Du kan berre sjå på vegane rundt her kor mange som er ute og syklar, seier Morvik om grunnen til at talet på deltakarar stadig aukar.

– Deltakarane er alle moglege slags folk som vil halde seg i form. Vi har ikkje retta oss så mykje mot verksemder, slik mange andre arrangørar gjer. Den individuelle marknaden er viktigare for oss.

– Eg trur vi har gitt mange eit støyt slik at dei trenar meir målretta. Det er nok i stor grad helsegevinsten folk er ute etter, og i så måte er sykling noko av det beste du kan drive med, meiner Morvik.

– Du har oppnådd eit mål når du har kome deg til Voss på ein skikkeleg måte. For dei fleste spelar tida dei oppnår lita rolle. Konkurransemotivet er lite, det er heller eit samarbeidsprosjekt. Men nivået i toppen har auka, seier sykkelleiaren.

Den største utfordringa for arrangøren av Bergen-Voss er trafikken.

– Trafikale forhold er avgrensinga vår. I år skal vi køyre felt med 80 syklistar kvart fjerde minutt. Vi reknar med at deltakarane i Bergen-Voss har tre millionar treningskilometer i beina før rittet. Det har ein del å seie for trafikken i området det også, seier Morvik.

Rittet er hovudinntektskjelda til Bergen Cykleklubb.

– Det er heilt avgjerande. Vi har ikkje sponsorar som legg pengar i kassa. Eg ønskjer ikkje å gå ut med tal, men deltakaravgifta er 700 kroner, så kan du gange opp, seier han.

Det skulle indikere ein omsetnad på i overkant av to millionar kroner.

– Vi tek ikkje ut eit øre i løn, seier Morvik.

STOR INTERESSE: Det beryktede Skjervet er den store styrkeprøven i sykkelrittet Bergen-Voss. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ