— Dette budsjettet ber preg av å vere eit valbudsjett, seier Gunnar Bakke (Frp).

Budsjettforslaget byrådet la fram i går inneber at tidlegare års underskot først er nedbetalt ved utgangen av 2008.

Dette er for seint, meiner Frp. Skal dei støtte budsjettet, må underskotet betalast raskare.

— Ja, de må stramme inn. No har dei kasta vekk eitt år fordi dei ikkje ville snakke med oss i fjor, seier Bakke, og siktar til brotet mellom dei og byrådet i fjor.

Gruppeleiar Liv Røssland peikar på fleire andre saker byrådet må endre på viss dei skal få støtte frå Frp i år, som kjøp av bybanevogner og piggdekkavgifta.

- Oppblåste inntekter

Reaksjonane frå opposisjonen i går bar preg av at dei fekk kort tid å lese budsjettet på, før dei måtte vidare i eit langt bystyremøte.

Førsteinntrykket frå byrådets noverande budsjettpartnar, Ap, er òg, slik det skal vere før eventuelle forhandlingar, kritisk.

Gruppeleiar Terje Ohnstad fryktar byrådet har overdrive veksten i statlege overføringar, og at inntekter og utgifter dermed må kuttast når statsbudsjettet kjem.

Finansbyråd Hans Edvard Seim talfesta i sin presentasjon eit mogleg nedjustering til 40-50 millionar kroner.

Ohnstad varslar òg krav om einheitstakst (ein busstakst i heile Bergen), retaksering (eigedomsskatt) og tiltak for bustadlause for å kunne støtte budsjettet.

- Eit musepiss i havet

Reaksjonen mot budsjettet er sterkare frå SV. Eit par timar etter at finansbyråd Hans Edvard Seim i går entra talarstolen i bystyret til tonane av Grieg på gettoblaster, hadde SV klar pressemeldinga ”Husløs i Griegs hjemby”.

— Vi har 700 bustadlause i Bergen, og så set dei av fem millionar kroner i året til desse. Det kan knapt kallast eit musepiss i havet, seier gruppeleiar Oddny Miljeteig.