Til Bergens Tidende seier ordføraren at dei no vil prøve og kome i dialog med Riksantikvaren. Men han trur det kan bli vanskeleg.

— Vi veit kor stor makt dei har. Så vi ser vel ganske mørkt på det, sukkar ordføraren.

Han meiner området rundt Hove steinkyrkje ikkje ville blitt forringa av den planlagde driftsbygningen.

— Dette dreiar seg om fem yngre bønder som vil tilpasse seg den nye landbrukspolitikken og har gått i lag i ei samdrift. Etter vårt syn er alternative plasseringar av driftsbygningen langt dårlegare. Kva dei no vel å gjere, veit eg ikkje.

— Men trudde kommunen at Riksantikvaren ville seie ja til eit stort nybygg like ved ei kyrkje som er rekna som ei av dei mest verneverdige i landet?

— Vi gjorde det, ja. Gardbrukarane har lagt stor vekt på å få eit bygg som er tilpassa terrenget og det spesielle området. Dei har ikkje noko ønskje om å øydeleggje for steinkyrkja. Ei skytebane ved kyrkja skal fjernast, og ein driftsbygning som ligg der no kan rivast. Eg trur faktisk området ville tatt seg betre ut etterpå.

Kommunen skal tidleg i mars ha eit møte med Riksantikvaren.

— Vi ser alvorleg på framlegget, og aksepterer det ikkje. Men vi veit vel ikkje heilt korleis vi skal klare å snu denne saka, seier ordførar Lidal.