— SAS, samferdsle- og forsvarsdepartementet bør gå saman om å finansiere ei støtte som minner både dei som omkom og dei som tok del i redningsarbeidet, seier Gustav Ulvik.

Han er ein av dei lokalpersonar i Hyllestad som best kjenner ulukkeshistoria. For fem år sidan var han med på å gje ut eit hefte der ei rekkje avisartiklar om havariet blei trykt opp att. Etterpå har han fått ei rekkje telefonar frå folk som har historier å fortelje. Ein av dei var barnebarnet til Robert Porten, Hyllestad-mannen som i lag med tre fjellklatrarar fekk kongens medalje for edel dåd etter å ha henta ned leivningane til tre av dei omkomne. Barnebarnet, som bur i Danmark, overleverte bestefarens diplom til Ulvik.

— Ulukka med «Havørn» var ei flyhistorisk storhending. Erfaringane gjorde at det blei laga reglar og prosedyrar som sikra tryggare flytrafikk, seier Ulvik.

Med sju tapte menneskeliv var flyulukka den største her i landet til den tid. Det var også den første med eit sivilt rutefly. Både dei som sat bak spakane, dei som tok del i bergingsaksjonen og dei som granska ulukka var pionerar i norsk luftfart. Personar som inspektør Bernt Balchen, som leia redningsarbeidet, og direktør Harald Riiser-Larsen i Det norske Luftfartsselskap, hadde det som i dag er rekna som kjendisstatus.

— Ulukka fekk ein omtale som i dag er nesten uråd å forstå.

Berre kort tid etter ulukka gjekk eit hurtigruteskip frå Bergen til Lifjorden med medisinsk ekspertise frå Haukeland.

— Det var jo fullstendig urealistisk å finne folk i live etter ein slik styrt. Men dette fortel noko om kor veldig sterke kjensler ulukka sette i sving, seier Ulvik.